SANDVIKSKYRKJA: Gudstenester på nett, slik eg opplevde ­midnattsgudstenesta i Sandvikskyrkja på nettbrett i påsken, er ­verkelege, og dei nører trua mi, skriv Egil Morland.

Virtuell tru – kva er det?

Eg vonar at uttrykket «virtuell tru» ikkje blir eit av nyorda i 2020. For det gir ikkje meining.

Ottar M. Myrseth skriv om «Virtuell tru» (Dagen 23. april). Omgrepet er aktualisert av restriksjonane etter utbrotet av Covid 19, særleg til spørsmålet om ei husfellesskapstilknyting til gudstenester generelt og nattverdfeiring spesielt i virtuelle media.

Saka Myrseth tek opp er så viktig at også usemje mellom menneske som elles står kvarandre nær, må meldast. Mine kritiske merknader går på artikkelen si raske vandring frå premiss til konklusjon. Dinest ønskjer eg å problematisera bruken av ordet «virtuell tru».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For ordens skuld: Eg sluttar meg til alt det Myrseth skriv om korleis ein normalt fungerande kristen tru og praksis utfaldar seg; i fysisk nærvær, i samfunn og fellesskap.

Men så til saka.

Om gudstenester på TV spør Myrseth: Er dette, eller viser dette, ei gudsteneste? Ut frå konteksten vidare må det lesast som eit retorisk spørsmål, der svaret gjev seg sjølv: – Nei, dette er ikkje ei gudsteneste.

– Jo, det er det, er mitt svar. Folk flest så vel som «personlege kristne» kan møta også ei «normal» søndagsgudsteneste i normale tider som tilskodarar, medan andre kan vera deltakarar i ånd og sanning.

Det er gjennom radio og TV mange tusen menneske rundt om i Noregs land elles får del i eit gudstenestefellesskap. Eg tenkjer på dei som lever i ein slags konstant koronasituasjon, isolert av helsemessige eller andre grunnar.

Slik er det også med dei mange som vert nådde av radiomisjon rundt om i verda: Dei tek imot det forkynte ordet i tru, og kyrkja er, kyrkja skjer. Der.

Det går ikkje an å seia det opplagte, som at «kristendom er ikkje virtuell, men reell presens», som eit argument mot trua sin plass i dette biletet.

Men påstanden dannar utgangspunkt for ei rask oppstilling av negative, teologiske markørar, som: ei tru og ein praksis framand for kristendom, utan fellesskap, kyrkje og sakrament – til det kulminerer i ein «gnostisk relasjon» i eit sjølvbetjent åndeleg liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men kan ikkje all praksis og tru enda nettopp der – til og med når vi sit i kyrkjebenken? Ja, råkar det ikkje oss alle, kvar einaste dag? Kva for tankar om den treeine Guds reale nærvær er desse innvendingane uttrykk for?

Det er jo «i han vi lever, rører oss og er til» (Apg 17,28). Kvar skulle vi dra, for å sleppa unna hans pust (Sal 139,7)? Endå meir må dette vera tilfelle for den inkarnerte Kristus sitt nærvær i det forkynte ordet, som «skaper hva det nevner» (NoS 529) – nemleg tru.

Det er mykje negativt å seia om vår tids flukt frå det eigentlege livet til ei virtuell fantasiverd. Men prinsipielt sett må den truande seia at det kan ikkje koma noka nyvinning av teknisk art der ikkje Kristus når. Det – og ikkje det motsette – ligg i sjølve inkarnasjonens natur.

Eg vonar at uttrykket «virtuell tru» ikkje blir eit av nyorda i 2020. For det gir ikkje meining. Det er kanskje også Ottar Myrseth sitt poeng? Men gudstenester på TV er ikkje uttrykk for eit kunstig, menneskeskapt univers – eit på-liksom-samfunn, som vi stig ut av når spelet er ferdig.

Gode gudstenester – også gjennom media – formidlar eit reelt fellesskap og ei verkeleg tru, som inviterer til å bli omsett i praksis, til eit liv i Kristi etterfølging. Gudstenester på TV kan mangla mykje, men det dei framstiller er verkeleg – med virtuelle midlar.

Kan det engelske ordet «virtual» hjelpa oss her? Det har to nærast motsette tydingar, både som noko faktisk, tett opp til røyndommen, eller som noko kunstig (=ikkjeeksisterande).

I desse koronatider gir det meining å hevda at mange er «virtual prisoners in their own home», altså: dei er i realiteten koronafangar. Gudstenester på nett, slik eg opplevde midnattsgudstenesta i Sandvikskyrkja på nettbrett i påsken, er verkelege, og dei nører trua mi.

Dei er ikkje fullkomne. Men slik er det med alle gudstenester, også i normaltider: Ei ­føregriping av den fulle realitet, av festen i Guds rike, når Gud skal bli alt i alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til slutt: Eg lengtar med eit nærast fysisk sakn etter verkelege gudstenester. Eg meiner det nærmar seg ein skandale at ingen kyrkjer er opne for gudstenestefeiring.

Det er ille at det inngår i den nasjonale dugnaden ikkje å feira høgmesse. Det representerer eit brot med den rolla kyrkja og prestar alltid har spela i alvorlege tider.

Og eg har ein frykt i meg for at dei som sjeldan eller aldri går til gudsteneste ikkje merkar at «tilbodet» ikkje er her no, og at mange av dei som faktisk går, skal byrja tenkja at det funka jo godt (nok) med ein virtuell demonstrasjon på nettbrett.

Så er også det sagt.

Det kan elles seiast mykje om den bodskapen kyrkja formidla i kombinasjonen «Korona og ­påske». Det får bli ei anna sak.