KRF: Vil KrF no kome meir på banen med ein offensiv tenkning og handling i desse ovanfornemnde politikkområde? spør Harald Myklebust. På biletet ser vi KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad og parlamentarisk leiar Hans Fr. Grøvan.

Vil KrF svikte i denne nye flyktningkrisa?

Eller har KrF styrke nok til å omsette sitt verdi- og menneskesyn i møte med regjeringa sitt syn i asyl-, flyktning- og bistandspolitikken?

Det var etter mykje indre strid og sprik at KrF gjekk i regjering med Frp, ikkje minst fordi ein måtte kompromisse i stor grad med eit Frp og delvis Høgre som rosar seg av å praktisk talt ha stengt grensa for menneske i naud.

Frp er no ute av «fengslet» som dei har karakterisert regjeringa dei sat i. Og KrF har «styrka seg» med nok ein statsråd, overraskande nok med Knut Arild Hareide som samferdsleminister. Spørsmålet vert: Vil KrF no kome meir på banen med ein offensiv tenkning og handling i desse ovanfornemnde politikkområde?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å ta bistandspolitikken først: Med utviklingsministeren, Dag-Inge Ulstein, som omreisande ambassadør for norsk bistandspolitikk, får han med seg nok av kroner og ører fra oss, fra verdas rikaste nasjon (etter folketalet)!

Kor lenge skal vi ligge (kvile?) på 1 prosent av bruttonasjonalprodukt til hjelpetiltak overfor utarma folkeslag og einskildskjebner? Vil KrF legge krefter inn på å utvide denne 1 prosenten til, i første omgang til 1,2 prosent?

Det er svært urovekkjande at innvandringstalsmannen i Høgre, Ove Trellevik, er åpen for å gå inn på Frps dramatiske stenging ved den norske grensa. Men det som nesten verre er ifølgje NTB:«KrF utelukker ikke asyl-innstramming». Dette gir eit heilt galt signal, samstundes som Venstre (i same regjering) i klare ordelag avviser forslaget kontant.

Skulle ikkje KrF med sitt verdi- og menneskesyn vere den som skulle stå fremst i kampen for ei rettferdig utjamning av goda vi har, også i det å vise at vi har «hus- og hjarterom» (les: asylinstitutt) til menneske i naud?

Det er eit veikt og lite tillitsfullt signal parlamentarisk leiar i KrF, Hans F. Grøvan, legg for dagen når han seier at politikken her ligg fast, men vil vere åpen for endring om situasjonen endrer seg.