Vi har nok med det norske flagget

I desse dagar vaiar regnbogeflagget på offentlege flaggstenger i bygd og by. Nokre gleder seg over dette, men vi er mange som ikkje likar det.

Dei aller fleste nordmenn er glade i flagget vårt med korset i raudt, kvitt og blått. Korset står for at vi er ein kristen nasjon som har hatt kristendommen som religion i generasjonar.

Fargane har også si betyding. Det raude kan peike på Jesu blod, det kvite på reinheit og det blå på himmelen. Det er flott no i mai når det vaiar i vinden med kvite snødete toppar i bakgrunnen, blå himmel og grøne lier i forgrunnen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noreg er vel det vakraste landet i verda, og flagget vårt kan vi også vere stolt av. Må det aldri verte tatt vekk eller verte forandra!

I desse dagar vaiar regnbogeflagget på offentlege flaggstenger i bygd og by. Nokre gleder seg over dette, men vi er mange som ikkje likar det.

Kvifor er det at ei lita pressgruppe skal få dominere landet på denne måten? Er det tid for at andre grupper også skal kunne få heise flagga på dei offentlege flaggstengene?

Skal det ikkje vere likheit for alle? Er folk verkeleg klar over kva ideologi dette flagget står for?

Foreininga FRI ynskjer fri utfalding av seksualitet i alle former. Det skal verte lov med polygami og alle gamle normer som samfunnet er bygd på skal vekk.

Eg les no boka «Normløst» av Kjell Skartveit og det er skræmande å sjå kva dei står for. Vi er mange som er redde for utviklinga og kva som vil skje med landet vårt i framtida.

Regnbogeflagget har seks fargar, men den opprinnelege regnbogen som Gud sette i skya etter vassflommen hadde sju fargar. Talet sju står for det fullkomne, kan vi lese i bibelen, men seks står for det ufullkomne, det verdslege og dyriske.

Gud måtte utrydde folka på Noa si tid fordi dei hadde vorte så syndige, og berre Noa og familia overlevde. Regnbogen var eit teikn på at Herren hadde vore nådig mot dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er då underleg at FRI skal bruke dette teiknet som eit symbol på at folk kan praktisere all slags synd. Dette er alvorleg, og det er å synde på nåden.

Ein snakkar om opne og frie bygder. Då bør ein også ta hensyn til dei som ikkje likar dette flagget og som kjenner ein sår følelse når dei ser det.

Eg kjenner fleire, spesielt eldre menneke som har det på denne måten. Skal det ikkje takast hensyn til dei? Vi er mange som lir under dette! Kan ein ikkje verte einige om at vi har nok med det norske flagget?

Kvar er dei ansvarlege politikarane som tillet dette? Kvifor skal Noreg vere ein foregangsstat når det gjeld pride og opposisjon mot Guds skaparverk og lover? Kvifor skal born verte utsette for den rosa kompetansen? Må Gud forbarme seg over oss!

Les også
Frp ut mot forslag: – Utvanner det norske flaggetLov om flagging på kommunenes offentlige bygninger
Les også
Endring i flaggloven: Lov å heise Pride-flagg
Les også
Trosser Vatikanet og velsigner likekjønnede par