Vekst gjennom mindre grupper

Evangeliet kan spres på ulike måtar, og kristen vekst kan også skje på ulikt vis. Det er ingen tvil om at mange forsamlingar erfarer at det nettopp kan skje gjennom små fellesskap som bibel- og samtalegrupper.

Skal gruppa veksa, er det ein føresetnad at den er open for nye. Og skal nye grupper dannast, skjer det gjerne også med utspring i gruppa. Men korleis er det? Er gruppa open for nye medlemmer? Kanskje er fokuset oppover mot Gud bra, og gjerne også innover i gruppa. Men gruppa manglar ut-fokus der nye er velkomne.

Så er det sjølvsagt også eit spørsmål kva som er hensikten med gruppa. Tradisjonell praksis og tankegong er mange stader at gruppesamensetninga er den same ved etablering, som ved eventuell nedlegging. Me ber om vekst, men tenkjer ikkje at veksten kan skje nettopp i gruppa. Sjølv har eg stor tru på og erfaring med at det er lett å invitera menneske med i samtale- og bibelgrupper. Faktisk lettare enn å invitera til vanleg møte. Fordelen er også at ein møtes regelmessig til samtale omkring livet saman med Gud.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein bygger relasjonar til kvarandre som igjen fører til at ein vil prioritera desse samlingane høgt, i alle fall så framt at ein trivest og kjenner seg trygg i gruppa.

Eg har vore med i fleire grupper frå ungdomsalder og opp til i dag. Medvitet om kvifor gruppa er til, at den skal vera open for nye, at den skal vera livsnær, at den bør ha ein leiar osb, har ikkje alltid vore tilstades. Likevel, eg har lært mykje, og hatt det godt i fleire av desse gruppene. Etter å ha lese både «Tusen hjem» av Øystein Gjerme og «Småfellesskap» av Tonje Haugeto Stang, ser eg kor viktige nettopp desse tinga er.

Kvifor har me smågrupper og kva vil me med desse? Korleis kan me legga til rette for at vekst kan skje nettopp gjennom smågrupper? Gjennom medviten satsing, kan smågrupper vera staden der me lettast kan inkludera nye kristne eller menneske som er nysgjerrige på kristen tru. Dette er rett og slett ein måte me kan verkeleggjera misjonsbefalinga på.

Kol. 2,2 har eit nydeleg vers som seier noko om hensikten med ei smågruppe. Gjennom eit slikt fellesskap skal menneske få nytt mot, bli knyta saman i kjærleik og bli betre kjent med Jesus. Kor fantastisk! Kven treng vel ikkje å få nytt livsmot? Og me treng ein stad der me kan snakka ærleg om livet og oppleva at folk bryr seg om mine kvardagsutfordringar og kan be for meg.

Det finst ikkje profesjonelle omsorgssystem som kan overgå enkeltmenneske som ber kvarandre sine byrder! Smågruppa er ei hjelp til å forstå at Jesus er oppriktig interessert i alle sidene ved livet mitt. I smågruppa kan eg også oppdaga mine gåver, og få prøvd dei ut.

Gjennom smågruppearbeidet er det store moglegheiter for vekst. Lukke til med dette viktige arbeidet.