Unngjekk mistillit – trekte seg frivillig

Krykkjebakksundet­ er større enn meg, i alle fall litt større, seier Leif O. Nielsen etter berre fire månader i ordførarstolen.

– Denne avgjerda har eg teke heilt på eiga hand. Hadde eg hatt ei kone, og det har eg heldigvis ikkje, ville eg ikkje rådført meg med henne heller, seier Leif O. Nielsen.

Han er mest kjend som tidleg­are ålefiskar, men den kjende ­mopedreparatøren i Septiktankveg­en er frå og med måndag også tidlegare ordførar. Då overtek ­Lillemor Lampe ordførarklubba i Krykkjebakksundet kommune.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Avgjerda kom overraskande på kommunestyret, der fleirtalet ­hadde gått saman om eit mistillits­forslag mot ordføreren og sett fram til full konfrontasjon med ein ordførar som i løpet av kort tid har ­hissa på seg heile kommunestyret og halve kommunen.

Dramatikken toppa seg då Leif O. Nielsen i kjend, frittalande stil førre fredag la ut ein status på Facebook der han samanlikna el-bileigarar med nazistar, fascistar, kommunistar og feministar.

Samanlikninga fall fleire tungt for brystet, og både lokale el-bil­eigarar og feministar reagerte med avsky-resolusjonar og fakkeltog frå handeslaget til Leif O. Nielsens ­mopedverkstad.

Også ein tidlegare nazist, ein av geitebøndene i Krykkjebakkdalen, har reagert på samanlikninga og skriv i ein e-post at han som tidleg­are frontkjempar «likar dårleg å bli samanlikna med desse fanatiske bileigarane som trur dei kan berga kloden ved å kjøra rundt med lydlause motorar.»

Etter fem dagar fjerna Nielsen statusen, men då med ei grunn­gjeving som gjorde saka hakket verre og slett ikkje betre:

– Eg ber alle nazistar og f­ascistar om orsaking for samanlikninga.

– Kva sa eg?

Det kom som ei overrasking på mange at Leif O. Nielsen vart vald til ordførar då Bergiot Gaukhei først forsvann i tre månader og ­deretter kunngjorde at ho trekte seg frå politikken.

Den 61 år gamle ungkaren er ikkje kjend for utprega samlande eigenskapar og diplomatisk språkbruk. Han har lege i konflikt med både lensmann og prest, og ei sterk interesse for sprengstoff har gjort det vanskeleg for han å halda seg innanfor lova og brann- og eksplosjonsvern.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er vel nokre av oss som seier «Kva sa eg?» når Leif O. Nielsen si ordførarkarriere allereie er over. Dette var vel dømt til å gå gale, seier politiske redaktør Tarald Stang­balle i Krykkjebakkposten.

Dårleg norsk

Lillemor Lampe overtek måndag ordførarklubba. Ho er innvald på Minigrispartiet si liste, har fortid som feminist i København og er ein markant leiar i den lokale elbilforeninga.

– Eg trur dette kan gå veldig bra. Lillemor Lampe snakkar framleis så dårleg norsk at det er få som forstår kva ho seier. Dette kan nok vera ein fordel i den aktuelle politiske situasjonen, resonnerer Stangballe.

Kampen held fram

Avtroppande ordførar Leif O. ­Nielsen grunngjev avgangen slik:

– Nokon må oppføra seg som vaksen når andre ter seg som småungar. Krykkjebakksundet er større enn meg, i alle fall litt større.

Nielsen går tilbake til vervet som vanleg representant og seier han ikkje har tenkt å gå stille i dørene.

– Kampen mot dei livsfarlege, stillegåande el-bilane held fram med uforminska styrke, kunngjer han.