Ungdom – vær mot narkotika!

«Regjeringas­ rusreform er eit stort ­sjansespel.»

Nokon ting er viktigare enn andre. Slik er det også i politikken. Saker kjem og går. Men ikkje alle får like stor betyding i ettertida. Andre saker får nettopp det. Regjeringas rusreform er ei slik sak.

Den skal avgjerast i Stortinget før sommaren. Regjeringa føreslår allmenn avkriminalisering av narkotikabruk i Noreg. Det vil seie at bruk og personleg oppbevaring av narkotika ikkje lenger skal vere straffbart, korkje for rusavhengige eller alminnelig norsk ungdom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nokon ting er viktigare enn andre. Slik er det også i politikken. Saker kjem og går. Men ikkje alle får like stor betyding i ettertida. Andre saker får nettopp det. Regjeringas rusreform er ei slik sak.

Den skal avgjerast i Stortinget før sommaren. Regjeringa føreslår allmenn avkriminalisering av narkotikabruk i Noreg. Det vil seie at bruk og personleg oppbevaring av narkotika ikkje lenger skal vere straffbart, korkje for rusavhengige eller alminnelig norsk ungdom.

Regjeringas rusreform er eit stort sjansespel. Ingen andre land rundt oss, har liberalisert narkotikapolitikken slik regjeringa no føreslår. Resultatet av reforma kan bli auka narkotikabruk i samfunnet, og særleg blant unge. Det er trist, og det er feil. Noreg er i dag blant landa i verda kor færrast brukar narkotika. Dette har vi til no fått til gjennom blant anna forbod og førebygging. Dette skal vi vere stolte av, og bygge vidare på.

Narkotikabruk rammar ikkje berre den einskilde. Avhengigheit og rusrelaterte skader er eit stort samfunnsproblem. Difor må vi førebygge bruk av narkotika, og hindre utvikling av avhengigheit. Ungdom, rekreasjonsbrukarar og tungt rusavhengige er heilt forskjellige grupper. Men i regjeringas forslag blir desse gruppene behandla heilt likt.

Dei får ha same brukardosar av narkotika på seg, utan at det vil vere straffbart. Blir ein tatt med brukardosar, må ein i møte på eit rådgivingskontor i kommunen. Utover dette eine oppmøte, får narkotikabruk ingen konsekvensar. Heller ikkje for ungdom.

Det oppfølgingssystemet av ungdom som ein har i dag, blir tatt bort. Politiet sine verkemiddel til avdekking, etterforsking og førebygging, blir sterkt svekka. Politiet får ikkje lenger kunne ta bekymringssamtalar med foreldre.

Dagens ordning med ruskontrakt for ungdom som blir tatt for narkotikabruk, blir ikkje vidareført. «Rullebladet» sin førebyggande funksjon forsvinn. Ved avkriminalisering vil nok mange ungdom misse ein grunn til å seie nei til å prøve narkotika på fest. Det får jo ingen konsekvensar lengre.

Det er brei politisk semje om at alvorleg rusavhengige ikkje skal straffast for bruk og personleg oppbevaring av narkotika. Usemja går på om kor vidt det er klokt eller naudsynt å avkriminalisere narkotika, for å sikre dette. I dag er praksis at politiet sjeldan brukar strafferettslige reaksjonar overfor folk som slit med tung rusavhengigheit. Ein slik praksis kan sikrast vidare med til dømes påtaledirektiv. Dersom reforma blir vedtatt vil det kunne få større konsekvensar dersom ein drikk alkohol på offentleg plass, enn om ein blir tatt for bruk av narkotika. Kva feil signal gir ikkje det?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rusreforma inneheld ikkje eit einaste nytt hjelpetiltak, sjølv om overskrifta lyder: Frå straff til hjelp. Reforma har ikkje stor støtte i folket. I ein nyleg befolkningsundersøking svara berre 22 prosent at dei støtta regjeringas reform. Berre 17 prosent av Høgre sine eigne veljarar, er positive. Alle politidistrikt er i mot. Det same gjelde svært mange kommunar og helseføretak. Sjølv regjeringa er delt. Men KrF har lojaliteten sin hos regjeringa, og vil stemme for reforma i Stortinget. Slik vil den kunne få fleirtal. Eg håpar dei mislykkast. No står det på Arbeiderpartiet.

Det mest alvorlige i saka, er den harde debatten. Det er også ein påfallande manglande politiske vilje til å sette mål om reduksjon i narkotikabruken i samfunnet. På andre område, som tobakksfeltet, blir det sett konkrete mål for reduksjon i bruk. Det skjer ikkje for narkotikabruken. Det er nærast blitt heilt «ut» å vere mot narkotika.

Då organisasjonen Ungdom mot Narkotika deltok på høyringa om rusreforma i Stortinget den 16. mars, spurte eg dei om korleis dei opplevde å stå i denne debatten. Dei svara at det var hardt, dei var møtt med hets og hadde vurdert å skrifte namn. Kjære Ungdom mot Narkotika. Ikkje skift namn. De trengs meir enn nokon gong. Vi må vinne denne saka.

Les også
Rusreformens løgner