ÅNDSMAKTER: Det finst nok kristne rundt om i verda, sikkert også i Indonesia, som er for raske til å konkludere med at negative ting som skjer har sitt utspring i vonde åndsmakter, men eg trur også at mange av oss norske kristne går i den andre grøfta, skriv Olav Vestbøstad.

Uflaks eller vonde åndsmakter?

I skrivande stund er eg tilbake i Indonesia. Rundt tusenårsskiftet budde eg her saman med familien og underviste ungdommar som ynskte å gå inn i presteteneste eller å bli kristendomslærarar.

Det var interessante år, og eg lærte mykje. Det er også kjekt å komme tilbake igjen, både for å møte gamle vener og for å møte dagens utsendingar og lokale medarbeidarar.

Grunnen til at eg har reist til Indonesia i desse korona-tider, er at det er feltkonferanse for utsendingane våre i landet. I samband med denne konferansen er det fleire ting som ikkje har gått som planlagt. For det fyrste kom korona-viruset. Det gjorde at utsendingar frå eit anna land i Asia, som skulle hatt sin konferanse saman med Indonesia-konferansen, ikkje kunne komme. Det vart ein nedtur for alle, både for dei som ikkje fekk reise og for dei som ikkje fekk besøk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein av gjestene frå Norge bomma på dato for avreise, og flyet gjekk utan han. Nye billettar måtte ordnast, men det gjekk heldigvis bra. Eitt av borna på feltet har vore sjuk med feber over fleire dagar. Den familien måtte difor endre sine reiseplanar og reknar med å komme hit først om eit par dagar.

No er konferansen godt i gang, men det har vore mange stressmoment i forkant. Er det berre uflaks, eller er det krefter i sving som ynskjer å hindre oss i å samlast? Eller litt begge deler?

Våre indonesiske vener har eit anna verdsbilete enn det som er vanleg i Norge. Dei reknar med at det finst åndskrefter som ikkje ynskjer at Guds rike skal ha framgang. Det er ikkje berre blant åndelege leiarar at ein trur på slike krefter.

Eg hugsar ein episode frå fyrste tida vår i Indonesia. Me budde ganske avsides, og vegen dit var lang og dårleg. Det gjekk hardt ut over bilen vår. Ein kveld me var på veg heim, gjekk vasspumpa i bilen sund. Det var naturleg nok ingen bilverkstad i nærleiken. Ettersom det var ein halvtimes haiketur for å komme til mekanikar og dertil seint på kvelden, vart me tilbydd overnatting i næraste huset. Eine jenta vår var slett ikkje interessert i å overnatte hos den gjestfrie familien, og ho slo seg heilt vrang.

Mor i huset såg på dette og meinte ho hadde råd. Ho ville hente den lokale sjamanen for å få han til å ordne opp. Denne dama var overtydd om at det var åndskrefter som gjorde jenta vår uroleg. Me tenkte at her var det ei trøtt og svolten jente som ikkje hadde lyst til å overnatte hos vilt framande menneske, uansett kor gjestfrie dei var.

Både me og andre utsendingar i Indonesia har opplevd at born brått vert sjuke eller at andre hindringar og heft hender når me skal på tenestereise. Er dette vilkårlege ting som berre skjer, eller er det noko anna?

På mange måtar er våre indonesiske vener sitt verdsbilete nærare det verdsbiletet me finn i Det nye testamentet. Både Jesus og Paulus talar og skriv om Satan og hans åndehær, akkurat slik våre indonesiske vener gjer. Mot dette kan me hevde at i Palestina på Jesu tid og i dagens Indonesia er ikkje kunnskapen om ulike sjukdomar og mentale lidingar like stor som i Norge. I Norge er me vane med å tenkje at ting har ei naturleg forklaring, og den naturlege forklaringa inneber ikkje vonde ånder. Har ein fysiske plager så er det bakteriar, virus eller andre ting som gjer det, ikkje åndskrefter.

Personar eg har tillit til, har sett at menneske som har blitt bedt for, har støytt frå seg ting som dei har hatt i kroppen i årevis. Desse tinga har vore innvia til åndsmakter, men når personen blir bedt for i Jesu namn, må åndskrefter vike og desse tinga kjem ut av kroppen. Er dette berre fantasi og illusjonar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det finst nok kristne rundt om i verda, sikkert også i Indonesia, som er for raske til å konkludere med at negative ting som skjer har sitt utspring i vonde åndsmakter, men eg trur også at mange av oss norske kristne går i den andre grøfta. Me tar ikkje på alvor det Paulus skriv i brevet til dei kristne i Efesos, at me ikkje har ein strid mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær i himmelrommet.

Det gjer at me kanskje blir sløve når det gjeld å ta på Guds fulle rustning. Bibelen tar dette på alvor, ikkje for å gjere oss urolege, men for at vi skal vere trygge på at Jesus er sterkare enn alle andre krefter. Ingen ting kan skilje oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus!