Treet ved bekken

I Guds bekk finn vi vatnet som gir liv, og det er godt for treet å ha røtene sine ved denne bekken.

Det kan suga til seg næringa det treng for å veksa og bera frukt og ikkje tørka opp og visna. Eit menneske kan vera likt eit slikt tre. Det seier ordet i dag: «Han skal vera lik eit tre, planta ved rennande bekker. Det gjev si frukt i si tid, og blada på det visnar ikkje. Alt det han gjer, skal han ha lukke med.» Sal 1:3. Skal eit menneske vera som eit friskt og fruktberande tre, treng det næring frå Guds ord og samfunn med andre truande. Det er godt å ha si lyst i ordet og grunda på det. Vi les ikkje Bibelen som ei avis eller eit anna blad og legg det frå oss. Gudsordet treng tid, og vi ber om opplysning av Guds Ande for at det skal bli levande for oss til næring, vokster og frukt. Fellesskap i bøn og nattverd er også er også livgjevande vatn frå den rennande bekken. For eit tre som er friskt og får næring, er det naturleg å bera frukt. Dette er ikkje ein prestasjon, men ein konsekvens av liv. Somme leitar etter frukt hos seg sjølve og blir gjerne vonbrotne når dei finn så lite. Då kan det vera godt å kvila i at det er ikkje treet som sjølv skal sjå og nyta frukta. Ho skal vera der til gagn og glede for andre som treng noko godt. Den friske lauvkrona er det varme vitnesbyrdet om Jesus, han som er livet, og som har nok å gi til liv og overflod.

Annbjørg Barane
pensjonert bibelskulelærar