PERSONÅTAK: Sofie Braut kan frå ei side sett klandrast for eit utidig personåtak når ho knyter denne saka til Bent Høie si personlege legning, og ministeren skal ha ros for å svara sakleg på dette, skriv innsendaren. Her er statsminister Erna Solberg og helseminister Høie fotografert under årets Oslo Pride.

Tradisjonelt bibelsk samlivssyn

Eg er berre ein vanleg landsens mann, og hadde aldri trudd eg skulle be om å få ein statsråd i tale, men no spør eg likevel:

Eg ser at helseministeren vår har skrive eit stykke i Dagen 8. november, der han imøtegår innlegg av Andreas Håtveit og Sofie Braut. Eg har stor respekt for dei alle tre, og meiner dei har viktige ting å formidla, utan at eg dermed er einig i alt. Eg støttar Høie sin reaksjon på Håtveit si samanlikning mellom seksuell legning og haldning til kjøteting.

Sidan legninga vår er ein så viktig del av identitet og sjølvkjensle, må me vera særs varsame i både veremåte og ordval når me skal snakka om dette. Håtveit si samanlikninga er uheldig, sidan ho ser ut til å setja matvanar og legning på linje med kvarandre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg seier «ser ut til», for eg trur ikkje dette var Håtveit sin intensjon. Samanlikninga er brukt for å illustrera eit prinsipielt poeng, og i eit sivilisert ordskifte skuldar me å respondera på bodskapen og ikkje berre uttrykksmåten til samtalepartnaren vår.

Høie må gjerne gle seg over vedtaket som KRIK nyleg har fatta, men det ville vore fint viss nokon kunne svara på Håtveit sitt prinsipielle ankepunkt: korleis kan ein organisasjon ha eit verdisyn som ikkje er forpliktande for deira eigne leiarar?

Sofie Braut kan frå ei side sett klandrast for eit utidig personåtak når ho knyter denne saka til Høie si personlege legning, og ministeren skal ha ros for å svara sakleg på dette. I det heile tatt er Høie sitt innlegg velskrive og interessant.

Det mest interessante er kanskje likevel det han ikkje skriv direkte, men som for meg ser ut til å vera eit underliggjande premiss for synspunkt og argumentasjon; at der legning og religiøs tru kjem i konflikt, må trua vika. Eller med andre ord: vårt eige hjarta, og ikkje Gud, er normgjevande for lære og liv.

Eg deler ikkje dette premisset. I praksis vil det seia at eg meiner me må halda fast på det Gud seier, sjølv når dette kjem i konflikt med seksuell legning. Det er med smerte eg seier dette, og eg veit at somme vil kunna skulda meg for å ha farlege meiningar.

Eg er berre ein vanleg landsens mann, og hadde aldri trudd eg skulle be om å få ein statsråd i tale, men no spør eg likevel:

Meiner eigentleg helseministeren at der kjærleiken og trua kjem i konflikt, må trua modifiserast? At legning er meir fundamentalt enn det Bibelen fortel oss om Guds ordningar for oss menneske? At etikk og teologi må modifiserast for å gje rom for menneske si seksuelle legning?

Helseministeren sitt argument om livsfarlege meiningar er ein boomerang; viss det er gyldig i høve til kristen tru, har det same kraft i høve til norsk lovverk. Og det har ikkje berre spesifikk, men òg generell gyldigheit.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vil seia at slik ministeren ordlegg seg, vil kristen etikk og norsk lovverk måtta vika for alle legningar. Viss helseministeren vegrar seg mot ei slik opning, vil han logisk sett verta råka av sin eigen argumentasjon. Eg håpar verkeleg at Sofie Braut sitt spørsmål kan svarast nektande, og at Høie her ser lenger enn eiga legning.

Når eg lyfter fram eit tradisjonelt bibelsk syn på samlivsetikk, veit eg at menneske kan oppleva det sårande, smertefullt og djupt fortvilande. Men er løysinga på dette å gå bort frå dei bibelske prinsippa, av omsyn til menneske sine kjensler?

I ein heim er det ikkje slik. Alle foreldre har kjempa med å finna ein veg i spenningsfeltet mellom reglar og borna sine ynskje. Å kutta ut reglane er sjeldan noko god løysing på lang sikt; snarare vil mange foreldre halda fast på reglane og prøva å handheva dei med mykje kjærleik, tålmod og forståing.

Eg trur det same er løysinga for landet vårt som heilskap. Me gjer vel i å lytta til Høie si oppmoding om å sjå den einskilde og møta han eller henne med omsorg, rausheit og vilje til å lytta og forstå. Håtveit og Braut på si side understrekar behovet for prinsipiell og langsiktig tenking, og kristne menneske sitt kall til truskap mot Guds Ord.

Som kristne må me fylgja i fotefarene til Han som klarte det kunststykket som ingen andre i same grad har lukkast med; å vera full av både nåde og sanning.

Jesus oppheva ikkje lova – han gjorde henne tvert imot strengare. Men samstundes møtte han menneske med ein overveldande varme som gjorde at dei som hadde det vanskeleg flokka seg om han. Me er kalla til å likna han meir og meir, «sannheten tro i kjærlighet». (Ef 4:15)

Les også
Kristne er ikke livsfarlige
Les også
Høie skaper et underlig skille mellom teologi og praksis