Tilbyr dåpsritual utan synd og djevel

Foreldre og faddrar i Church of England må ikkje lenger love at dei omvender seg frå syndene sine og forsakar djevelen ved dåp. Læremessig utvatning, meiner kritikarar.

Mange fa­mi­li­ar som ber bar­net sitt til dåp i Eng­land, er sjel­dan i kyr­kja. For desse kan den gjel­dan­de dåps­li­tur­gi­en verke kom­pli­sert og utile­gjen­ge­leg. Det skriv Li­turgi­kom­mi­sjo­nen Church of Eng­land i eit notat til ein al­ter­na­tiv dåps­li­tur­gi som vert testa ut i flei­re hund­re kyr­kje­ly­dar fram til påske i år.

Sikte­må­let skal vere å ut­tryk­kje at Gud først og fremst ønskjer å ta imot men­nes­ke med nåde, sam­stun­des som ein held fast ved at dette føre­set om­ven­ding og tru på Kris­tus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Mi­ni­me­rer mys­te­ri­et

Den ny­skri­ve ver­sjo­nen er­stat­tar ikkje den førre, men vert til­bo­den som eit al­ter­na­tiv. Spørs­må­let er om denne vil verte norma med tida, der­som Ge­ne­ral­sy­no­den god­kjen­ner han. Det kan vere at saka kjem opp alle­reie til hand­sa­ming alle­reie til som­ma­ren.

Ein av dei som er sterkt kri­tis­ke til den nye va­ri­an­ten, er den tid­le­ga­re bis­ko­pen av Roches­ter, pa­kis­tansk­fød­de Michael Nazir-Ali. Han mei­ner end­rin­ga inn­går i ein tendens som kan fø­rast til­ba­ke til 1970-ta­let der ein mi­ni­me­rer djup­na og mys­te­ri­et i guds­te­neste­fei­rin­ga ut frå eit på­stått behov for å gjere henne «til­gjen­ge­leg» for folk.

- I sta­den for å for­kla­re kva dåpen betyr og kva dei for­skjel­li­ge de­le­ne av guds­te­nes­ta in­ne­ber, er løy­sin­ga å fjer­ne nøk­kel­ele­ment i guds­te­nes­ta, skriv han i The Mail on Sun­day.

Nazir-Ali hev­dar ive­ren etter å få alle til å kjen­ne seg vel­kom­ne og øns­ket om ikkje støy­te nokon, fører til at ein ned­to­nar synda og dei per­son­lege og so­sia­le kon­se­kven­sa­ne ho med­fø­rer. Han på­pei­kar at den al­ter­na­ti­ve li­tur­gi­en ikkje for­tel noko om Kris­tus, som krist­ne skal

Krev føre­bu­ing

Hel­ler enn å for­enk­le se­re­mo­ni­en, mei­ner Nazir-Ali at ein burde bruke bruke tid på å føre­bu folk på kva ri­tua­let in­ne­ber.

- Be­ho­vet er ikkje å fjer­ne ve­sent­le­ge læ­re­om­rå­de, men å for­kla­re dei, skriv bis­ko­pen som i 2009 gjekk for å star­te The Ox­ford Cent­re for Trai­ning, Re­se­arch Ad­vo­cacy and Dia­lo­gue. Han har mar­kert seg som ein tals­mann for tra­di­sjo­nell kris­ten tru, og har mel­lom anna ytra seg kri­tisk om se­ku­la­ri­se­ring av Stor­bri­tan­nia og ukri­tisk til­pas­sing til islam.

Hjelp på trus­rei­sa

Også bis­ko­pa­ne av Ma­ches­ter og Wil­les­den har teke til orde for at den al­ter­na­ti­ve li­tur­gi­en bør skro­tast. Leia­ren for Li­ti­r­gi­kom­mi­sjo­nen, bis­kop Step­hen Plat­ten, for­sva­rar der­imot for­sla­get. Han mei­ner synd, opp­sto­de og frel­se er in­klu­dert.

- Du kan ikkje re­pe­te­re dei i kvar ein­as­te del av guds­te­nes­ta, hel­ler ikkje bør du gjere det, seier han iføl­gje The Church Times.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ut frå eit «ur­bant mi­sjons­per­spek­tiv» mei­ner prest Paul Green­land i St. And­rew´, Chelms­ford, at det er behov for ein al­ter­na­tiv tekst.

- Dåps­li­tur­gi­en og -prak­si­sen bør møte folk der dei er og så hjel­pe dei vi­da­re på trus­rei­sa deira, seier Green­land.

Han av­vi­ser at han vil for­enk­le eller gå på kom­pro­miss med om­ven­ding frå synd og at det er nød­ven­dig å tru på Kris­tus og han kross­fest.

- Men språ­ket i dåpslu­ti­tur­gi­en, og sær­leg i løfta og er­klæ­rin­ga­ne, må vere til­gjen­ge­leg, seier han.

DAGEN