Syndenaturen må ikkje bli vår identitet

KFUK/M-general Øystein Magelssen tok 12/12 til orde for å starta ei rørsle for «retten til å vera ein syndar», eller til å vera «uperfekt». Eg trur han har ein god intensjon, men tek avstand frå rådet hans slik han utforma det.

For «synd» er å gjera imot Guds vilje, for i Luk 15:7 var Jesus klar på at «syndarar» treng venda om. Og i Matt 5:48 kalla Jesus læresveinane til å vera fullkomne liksom vår Far i himmelen.

Det same er tydeleg i Salme 1 (v. 1 og 5), der «syndarar» står som motsetnad til «rettferdige». Men dessverre seier lutherdommen at ein kan vera «samtidig syndar og rettferdig», basert mellom anna på læra om at me har ei arvesynd me ikkje kan bli kvitt. Men denne læra er feil, for viss identiteten vår er å synda, er det sjølvsagt nyttelaust å prøva å gjera Guds vilje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men eg støttar påpeikinga hans av usunn perfeksjonisme, der det er lett å kreva meir av seg sjølv enn det Gud ber oss om. Men vegen ut av misforstått moral er ikkje å bagatellisera moralen, men å innsjå sin manglande visdom og på det grunnlaget søkja Herren om hjelp til å leva slik at andre ser Gud.

Og her trur eg det er nødvendig å ta oppgjer med trua på ein Super-Gud som elskar oss so sterkt at me ikkje treng elska kvarandre, jf Magelssen sine lettvinte ord om at «vi er elsket av Gud og regnet med i fellesskap hvor vi får troen i gave», slik at me enkelt kan «bære hverandres tro og og kjempe sammen for en bedre verden som Jesu etterfølgere.»

Ja, me bør hjelpa kvarandre med trua og kjempa i lag for ei betre verd som Jesu etterfølgjarar. Men dette kjem aldeles ikkje av seg sjølv, men førutset nettopp enkeltpersonar som har lært å leggja av seg sin eigen egoisme - og som veit at eigen rettferdig innsats er nødvendig for at skal andre kjenna seg elska av Gud og rekna med i fellesskapet.

Dessverre har me ein sterk roseniansk lov- og evangelium-tradisjon som framstiller Gud primært som ein streng dommar når den kallar «uomvendte» til Gud, og den trur eg er ei djupare årsak til «generasjon prestasjon» sine kriser med eiga sjølvkjensle og eigne prestasjonar.

Istaden treng me framfor alt kjenna Gud som ein god og rettferdig Jesu Far, som har ei hand som Jesu «sauer» kan kvila i (Joh 10:25-29).