Synd, nåde og frelse

Det er vondt å vera vitne til alle forsøk på å vri seg bort frå det som er kjernespørsmålet: Kamp mot vår nedlagde trong til å synda.

«Vi må fri oss fra troen på at kirkens fremste dogme handler om hva som er rett og gal sex. Ordet og sakramentene er viktigere enn seksualmoral». Dette er fritt sitert etter førsteamanuensis Merete Thomassen på eit nyleg seminar ved MF.

LES:Under halvparten av kirkens medlemmer tror på Gud

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er vondt å vera vitne til alle forsøk på å vri seg bort frå det som er kjernespørsmålet: Kamp mot vår nedlagde trong til å synda. Ja, Ordet er viktigast, og det seier nemleg at me treng nåde for synder, ved Jesu Kristi død for oss på krossen, for å bli frelst! Intet mindre! Det er vondt å vera vitne til alle forsøk på å vri seg bort frå det som er kjernespørsmålet: Kamp mot vår nedlagde trong til å synda.

J.fr. 1.Kor. v 9 og 10 kunne Thomassen med flere like gjerne peikt på synder som tjuveri, pengegriskhet, drukkenskap, spott eller ran. Ja, ein kan gjerne ta med ei så utbreidde synder som «ureine tankar» og «baktale». Utan å søkja nåde for synder får ein ikkje «arva Guds rike. Det gjeld like mykje anten det er ureine tankar eller homofilt samliv.

Det ville bli vanskeleg å sitja i min kyrkelyd og vita at i altarboka der oppe finn du ein liturgi som velsignar synd. Det måtte vera vanskeleg, og lite truverdig å sitja under ein preikestol om ein veit at presten godtek velsigning av synd. Det er også overlag vanskeleg å vita at min biskop godtek velsigning av synd.