RUTINERT: I 2011 feira Solveig Leithaug 25 år som artist.

Solveig Leithaug fekk kraft frå songane då det storma i livet

Då det storma som mest i livet til Solveig Leithaug, var det godt å oppleve at Gud var trufast.

- Eg innbiller meg at Gud har den flottaste stemma av alle.

Orda kjem frå Solveig Leithaug. Den blonde bedehusjenta frå Nordhordland som har sjarmert og velsigna både amerikanarar og nordmenn i over 20 år.

Som sjølv har ei stemme dei fleste kan misunne henne. Eventuelt ei stemme dei fleste kan glede seg over. Ei stemme og eit talent som har gitt henne gullplate, Dove-pris og fleire gjestevisittar i Gaither sine populære Homecoming-konsertar. Det er stille etter stormen og Solveig skal prøve å seie litt om korleis det eigentleg er å vere Solveig Leithaug i 2012.

Familiekjær

Vi sit på ein bedehusaltan i Blomsterdalen i Bergen og nyt det sjeldne naturfenomenet som visstnok vert kalla vestlandsk haustsol. Solveig slengjer eit sjal rundt halsen for å vere sikker på at stemma skal halde seg klar og fin. Det er berre nokre få timar til ho skal i gong med den siste konserten i ein liten miniturné i bergensområdet. I kalenderen er det allereie plotta inn ytterlegare to turar til Noreg før året er omme.

- Mamma døydde for vel eit år sidan og pappa er 87 år gammal. Så eg prioriterer å kome heim og bruke tid saman med han, fortel Solveig. Sjølv er ho 46 år no. Mykje har skjedd sidan ho slo gjennom som artist, berre 18 år gammal. «Askepott» heitte den første plata, og det tok ikkje lange tida før songprinsessa fann prinsen sin.

Eksmannen vart dømd


I 1989 gifta ho seg med den amerikanske muskelpredikanten Ken Henderson. I mange år sto Solveig og Ken saman i ei sterk teneste, dei fekk tre born og alt såg lyst ut. Men den tidlegare rusmisbrukaren Henderson, som i mange år fekk vitne om Jesus og var til stor hjelp for andre i same situasjon, fell etter kvart tilbake til sin gamle livsstil. Etter mange år med store problem i heimen, gjorde Solveig i 2008 det tunge valet å bryte ut av ekteskapet.

Ein amerikansk domstol ga henne åleineansvaret for ungane, eksmannen vart også dømd til å halde seg på avstand frå heimen dei tidlegare delte. Livet var ikkje enkelt for nokon av partane.

- Det er noko som ein ber med seg, seier Solveig alvorleg.

- Ei sorg ein ber med seg, at pappaen til barna slit.

Gifta seg på nytt


Men livet måtte gå vidare. 30. mai 2009 gifta Solveig Leithaug seg med Jim Chaffee og fekk to vaksne søner med på kjøpet. Jim, som er produsent og manager, miste den tidlegare kona si i kreft. Eitt minutt inn i 2009 tok han opp ein diamantring og fridde til Solveig. Eit godt vennskap gjekk over til eit godt ekteskap.

I dag bur familien Chaffee/Leithaug i Franklin, Tennessee - like ved musikkbyen Nashville. Dei to yngste ungane til Solveig bur framleis heime.


Yngsteguten går på ungdomsskulen, jenta i huset går siste året på gymnaset. Eldstemann på 20 år har nett flytta heimanfrå. Han jobbar på fulltid og har eigen leilegheit.

Grepen av frykt

- Det er godt å kunne hjelpe ungane til å finne ut kva dei skal gjere i livet, seier Solveig og smiler. Det har ikkje alltid vore like enkelt å halde motet oppe, som nyskild lovsongsleiar var det vanskeleg å halde dei tunge tankane vekke. Ville ho verte invitert til å synge i kristne samanhengar igjen? Var karrieren over?

- Og dei av lesarane som er foreldre kjenner seg sikkert igjen i at det er mykje som ligg på skuldrene dine når du har ansvar for barn. Spesielt når du har ansvaret åleine, understrekar trebarnsmora.

Fekk ny kraft

Heldigvis enda ikkje songtenesta. Oppdraga med gitar og mikrofon vart som ein fristad som ga Solveig mykje energi. Energi som ho tok med heim til barna og kvardagen. Solveig er takksam for alle gode støttespelarane ho har hatt rundt seg heile tida.

- Og oppdraga har eg opplevd som ei vitamininnsprøyting. Det har gitt meg veldig mykje.

Solveig Leithaug har forresten aldri vore bitter på Gud, sjølv om ikkje alt gjekk heilt som ho hadde planlagd.

- Det eg opplevde i dei verste tidene, er at songane har gitt meg ny kraft. Eg har opplevd at Gud har vore trufast, han har vore der for oss.

Salmeskatten har også vore viktig dei siste åra.

- Og mange av songane eg vaks opp med på bedehuset har fått ny tyding for meg.

Favoritten

Eitt av Solveig sine favorittvers i Bibelen står i Sefanja 3,17:

«Herren din Gud er hos deg,
ein helt som frelser.
Han gleder og frydar seg over deg,
viser deg atter sin kjærleik.
Han jublar over deg med fryd.»

- I den engelske versjonen står det «He is singing over you with joy». I mange år har eg vore borte frå Frekhaug på bursdagen min. Foreldra mine hadde som ein tradisjon å synge «Happy birthday» til søskena mine og meg på telefon om vi ikkje feira ilag. Gjerne tostemt på slutten, ler ho.

- På ein måte song dei over meg, for eg var jenta deira. Barnet deira. Tanken på det biletet knyter eg til bibelverset. Kriteriet for at Han syng over oss er ikkje kor flinke vi er, men Han gjer det berre fordi vi tilhøyrer Han. Den tanken er litt herleg, syns eg. Og eg innbiller meg at Gud har den flottaste stemma av alle, seier Solveig - som skriv om nettopp dette i ein kommentar som er på trykk i den ferske «Gaither Homecoming Bible», der Bill og Gloria Gaither har fått med seg fleire av vennane sine til å fortelje om korleis kjente og kjære songar har henta inspirasjon frå Bibelen.

MIniturnéDet er fullsett i stolrekkjene på Bedehuset Karmel. Solveig Leithaug og bandet underheld eit takksamt publikum, som syng med på fleire av songane.

Sjølv litt tekniske problem mot slutten av konserten klarer ikkje å vippe kveldens trekkplaster av pinnen. Det er tydeleg at Solveig storkosar seg på scena. Med gitar, piano og ei klokkeklar stemme leverer ho ein klar og tydeleg bodskap.

- Eg set stor pris på invitasjonane til å spele i Noreg, fortel ho.

Heldigvis har Solveig ikkje flyskrekk, det vert nemleg mange turar over Atlanteren i løpet av eit år. No skal ho vere heime i Tennessee nokre veker, før det i månadsskiftet vert nye konsertar frå Kristiansand i sør til Meløy i nord. Forhåpentlegvis har huset i Franklin fått nye eigarar til då.
-Livet er utfordrande

- Eg har eit stort ønskje om å få selt huset vi bur i. Det har vore til sals i eitt og eit halvt år. Berre i år har vi hatt over 60 visningar, forklarer Solveig.

- Eg håper å forenkle livet meir og bu i eit lite hus.

I tillegg håpar norskamerikanaren frå Frekhaug å få gitt ut ei ny plate snart, utan at ho vil seie så mykje meir om det akkurat no.

- 2013 kan bli eit veldig spennande år, seier Solveig Leithaug og smiler lurt.

- Livet er utfordrande, tidsklemma kjenner eg stadig. Men eg prøver å leggje vinn på å vere takksam for det som er godt, å vere til stades for mine næraste, å feire dei små gledene i kvardagen og ikkje ta noko for gitt.

(Dagen)