LEIK: Det er ikkje berre dei yngste som set pris på snøen i Jerusalem. Her leiker vaksne menn snøballkrig.

Snøballkrig i kvite Jerusalem

Jerusalem vakna til 10 cm med snø torsdag. Og framleis laver det ned til stor glede for svært mange. Skulane er stengte, gatene er mest utan bilar, og barn og unge kastar snøballar på kvarandre.

«Jerusalem av gull» er eit kjent omgrep. I dag ligg den gamle byen kledd i eit solid kvitt snølag, og snøveret som tok til onsdag kveld, skal halda fram heile torsdag.

Innbyggjarane i den erverdige, jødiske hovudstaden vakna opp torsdag til eit 10 cm snølag. I høgareliggjande bydelar som French Hill og Mount Herzel har det kome endå meir.


Jerusalem kommune har oppretta eit naudkontor for transport- og trafikkproblem i samaband med snøfallet. For å redusera trafikken og unngå ulukker blir folk oppmoda til å bruka offentleg transportmiddel som bussar og Bybanen. Fram til klokka14 er dette gratis, etter det reknar ein med at gatene er rydda for snø. Men bussar og Bybanen går ikkje så ofte som vanleg frå morgonen av.



Minst elleve mennesker har satt livet til i eit uvanlig heftig vintervêr med snø og regn som herjer Midtøsten. LES MEIR her.




Snødag


Alle skular er stengte torsdag, og dermed får alle skulebarn fri til å boltra seg i snøen. Utdanningsdepartementet har åpna ei telefonlinje for foreldre som har spørsmål om skulestenginga.

Trafikkavdelinga opplyser at hovudvegen vestover frå Jerusalem til Tel Aviv er stengt i begge retningar, men er planlagt opna midt på dagen. Leiinga i Gush Etzion-området sør for Betlehem opplyser at alle vegar i området er stengt på grunn av det store snøfallet.

Det har også falle mykje snø på Golan, og på Hermonfjellet ligg det no 1,2 meter snø. Skiheisane står, og det er uklart når dei opnar for gjestar.

Til og med i Negev fall det snø torsdag morgon. Ørkenstader som Mitzpe Ramon, Sde Boker og Dimona opplevde også det sjeldne vinterveret.


Mykje vatn

Sidan mandag har det regna og blåst kraftig i mest heile Israel. Fram til onsdag hadde vannstanden i Genesaretsjøen stige med 57 centimeter og er no 2,5 meter under den øvre raude lina då ein må opna slusene i den sørlege enden av sjøen for å unngå flaum i byane ved innsjøen. Sidan vannstanden var på sitt lavaste i desember, har nivået stige med 110 centimeter.

Metereologar opplyser at ein må tilbake til vinteren 1992-93 for å finna tilsvarande nedbørmengder i Israel.

(Dagen)