Snikinnføring av verdiar?

Eit utkast til ny rammeplan for barnehagen som no er ute på høyring, kjem med store endringar når det gjeld det verdimessige grunnlaget for barnehagen.

Den kristne og humanistiske arv og tradisjon vert dyssa ned, nye verdiar innført og den åndelege dimensjonen fjerna.

I formålsparagrafen til barnehagelova heiter det at barnehagen skal byggje på «grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjeldande forskrift for barnehagen tek dette på alvor og gjer greie for kva denne arven og desse verdiane betyr. Men utkastet til ny rammeplan, som er planlagt vedtatt i løpet av våren, vel i stor grad heller å innføre og presentere fleire tilleggsverdiar i staden for å kommentere det verdigrunnlaget og dei verdiane som står i lova. Ein av verdiane som vert innført i utkastet er «mangfald».

No kan det ikkje vere tvil om at samfunnet vårt i aukande grad er prega av mangfald innan både kultur, språk og religion, for berre å nemne noko. Det er heller ikkje tvil om at mangfald kan vere noko positivt. Og det er svært bra at «barnehagen skal bruke mangfold som en ressurs i det pedagogiske arbeidet». Dette er flotte og viktige poeng i seg sjølv, det er ikkje der problemet ligg.

Problemet er at utkastet totalt underkommuniserer den utfordringa som også kan liggje i mangfald, som til dømes verdiar som kan stride mot dei verdiane ein ønskjer at barnehagen skal byggje på, eller verdiar som kan vere i strid med menneskerettane. Dette vert ikkje nemnt med eitt ord. I staden vert det stadfesta at barnehagen skal «fremme mangfold» og «synliggjøre variasjoner i verdier og kultur». Det verker som utkastet faktisk ikkje reknar med at verdikonflikt kan verte ei problemstilling. Det viktigaste i utkastet synes å vere å halde fram retten til å vere forskjellig, og at dette vert planlagt gjennomført i så stor grad at ein overser dei verdikonfliktane som kan oppstå. Dette treng ikkje kome i konflikt med dei vedtekne verdiane i lovgrunnlaget, men kan absolutt gjere det.

Det er også svært påfallande korleis verdigrunnlaget for barnehagen, som i lova seiast å vere «grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon», ikkje vert forklart med eitt einaste ord, og at verdiar som åndsfridom, nestekjærleik og tilgjeving, ikkje vert vidare kommenterte i det heile tatt. Utkastet let altså vere å følgje opp fleire av dei verdiane som Stortinget har vedtatt i barnehagelova, og innfører heller sine eigne verdiar. Dette synest å gi følgjande underliggande melding: Vi er eigentleg ikkje så interesserte i eller nøgde med dei verdiane som er vedtekne i formålsparagrafen, derfor kjem vi med våre eigne verdiar som vi heller ønskjer å framheve. Dette må vel kunne seiast å gå ut over det mandatet ein rammeplan har i høve til lova. I staden for å tolke lova og gi detaljerte reglar for iverksetting av lovteksten, erstattar i stor grad rammeplanen lovteksten sitt verdigrunnlag med sitt eige, ved å tie i hel dei vedtekne verdiane og framheve andre.

For vidare å sørgje for at desse «rammeplansverdiane» også vert haldne i hevd av barnehagane, har utkastet for sikkerheits skuld tatt med ei innstramming av retten til private barnehagar til å formulere sitt eige livssynsformål: «Alle barnehager er forpliktet til å oppfylle barnehagens formål slik dette er beskrevet i barnehageloven § 1 og i rammeplanen.» Private barnehagar, som altså ifølgje lova har rett til ikkje å forankre verdiane i formålsparagrafen ut i frå kristen og humanistisk arv og tradisjon, vil likevel vere bundne av dei tilleggsverdiane som rammeplanen lister opp i sitt verdigrunnlag, og som aldri har vore igjennom eit stortingsvedtak. Dei pålagde verdiane som private barnehagar må følgje, vert derfor langt fleire enn dei som er føresett i lova.

I gjeldande rammeplan er det løfta fram at ved å synleggjere religionar og livssyn i formålet «(…) godtek ein både at religionar og livssyn har ein plass i det offentlege rom, og at det er plass for ein åndeleg dimensjon i barnehagen».

Den «åndelege dimensjonen» vert ikkje nemnt ein einaste plass i utkastet til ny rammeplan. Dette verker merkeleg, særleg når utkastet framhevar nettopp mangfaldet i samfunnet. Det inkluderer jo i aller høgste grad religiøst mangfald. Religionar og livssyn er stadig meir debatterte i alle slags media, og det er synd dersom barnehagen, som no skal framheve mangfald meir enn nokon gong, ikkje vågar å ta del i samtalen. Då gjer ein religion og livssyn til eit tabutema, noko mange frå andre kulturar enn den norske/skandinaviske reagerer på. Dette høver heller ikkje særleg godt saman med respekten for mangfald.

Omgrepet «åndeleg» eller «spirituell» kallar for enkelte fram spesielle assosiasjonar, men omgrepet er mellom anna nytta i Barnekonvensjonen i artikkel 27, om barns levestandard, her om at barn har rett til ein levestandard som er tilstrekkeleg for barnets fysiske, psykiske, åndelege, moralske og sosiale utvikling. Dersom ein ser under fagområdet Kropp, bevegelse, mat og helse i utkastet, ser ein at «Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn opplever bevegelsesglede, matglede og matkultur, mental og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse». Heller ikkje her er den åndelege delen av mennesket nemnt. Når ein ser dette saman med det som ovanfor er nemnt om at den kristne og humanistiske arven ikkje lenger er kommentert i utkastet til ny rammeplan, får det oss til å spørje: Er vi åndeleg sjenerte og vidarefører dette til barnehagebarna?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Formålsparagrafen representerer slik vi ser det, framleis eit verdigrunnlag og eit normativt perspektiv det er brei semje om i folket, med menneskerettane som uttrykk for minste felles multiplum. Stortinget, som har vedteke barnehagelova, bør sikre at også forskriftene definerer dei vedtekne verdiane.