Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Skal KrF halda liv i abortsaka åleine?

Livet er ikkje slik at vi kan bruka pauseknappen i påvente av viktigare slag. For kampen står der han står. Sviktar vi der, ja, så sviktar vi.

Spørsmålet er overdrive. Det finst instansar, som Menneskeverd og leiaren for denne organisasjonen sitt fagleg-etiske råd, Morten Magelssen, og nokre andre, som Kjersti Toppe, som med høg integritet og låg innestemme held liv i den etiske refleksjonen – ein refleksjon som i turbulente tider har nok med å overleva. For det er ikkje mulig å overdøva skrik og skrål og demonstrasjonstog.

Fleire enn underteikna har vore imponert denne hausten. Over så vel Ropstad og Bollestad som Hareide sin regelmessige og tydelege tale om menneskeverdet. Når mennesket er skapt i Guds bilete, må det få konsekvensar, både på individnivå og i ein solidarisk politikk overfor dei utstøytte og krenka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når sant skal seiast er det ikkje berre denne hausten eg har høyrt det – det har vore ein gjengangar i tallause møte gjennom mange år: - Ta vare, ta vare på livet! På dette området er det få som er meir truverdige enn desse KrF-leiarane.

Derfor er det også dei, og Erna Solberg, som får vreiden over seg, i kaskadar. Det er overtydeleg at det korkje er klima eller vilje til å gje ei av vår tids største etiske utfordringar den merksemda den fortener.

Kanskje grunnen er at kampen for fosterets livsrett også støyter an mot mange andre tydelege trekk ved vår kultur. Materielt mette, sekulariserte og sjølvrealiserte; vi aksepterer inga grense eller forplikting som står over forpliktinga mot oss «sjølv».

Det er ikkje til å koma forbi kor påfallande stille i båten andre har site i denne tida. Forresten, ikkje berre no. Det er faktisk uhyre sjeldan at vi frå rådsorgan og leiande tilsynspersonar høyrer formuleringar som er like klåre som hos desse KrF-politikarane.

Spørsmålet mitt er: Skal KrF både ta ansvar for den ideologiske refleksjonen og det politiske handlingsfeltet i livsvernsspørsmålet? I så fall er utfallet gitt, og det er negativt. Men KrF hadde fortent å ha eit stort og tverrkyrkjeleg votum i ryggen, når dei går inn i det politiske minefeltet.

Når støvet etter haustens batalje no (?) er i ferd med å leggja seg, kan det omsider vera mulig å nemna det som slo meg då auka medlemstal vart eit argument i seg sjølv for retningsvalet: Eg kan ikkje hugsa at ein einaste ein av kyrkjelege halv- og heilkjendisar som melde seg inn (og ut) nokon gong har stått langt framme i kampen for fosteret sitt menneskeverd.

Det skuldast dels at dei faktisk er svært komfortable med den abortlova vi har. Dels skuldast det, sjølvsagt, at «andre ting» alltid er «viktigare». I ein sum: Du hadde – diverre – ikkje fått noko som helst drahjelp frå desse, Knut Arild Hareide, i denne kampen.

Då må det vera rett å minna om lærdomen frå tider før oss: Kampen står der han står. Livet er ikkje slik at vi kan bruka pauseknappen i påvente av viktigare slag. For kampen står der han står. Sviktar vi der, ja, så sviktar vi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så enkelt – og vanskeleg – er det.

Les også
Bevisst desinformasjon om abortlovens §2c
Les også
Høie bekrefter at departementet vurderte KrFs abortkrav
Les også
Kvinnens absolutte frihet kontra fosterets rett til liv
Les også
Abortlov-endring ble for vanskelig
Les også
Trosset legens råd om å svelge abortpille. Nå går Ole i første klasse
Les også
Nå skal tvillingabort på bordet