FØLGDE SPELEREGLANE: Ei gruppe frå Raudt avbraut innlegget til Hasting med flagg og banner før dei marsjerte ut av salen. Dette litt udemokratiske stuntet var forstyrrande, men det varte trass alt berre nokre få minuttar, og så gjekk seminaret vidare. Det store fleirtalet i forsamlinga følgde alminnelege demokratiske spelereglar, skriv Uthaug.

Seminar om kjønn, seksualitet og identitet

Vi prøvde å ha ein dialog, og vi ser ikkje på folk som fiendar sjølv om dei er usamde med oss.

Frimodig kyrkje i Bjørgvin og Til Helhet arrangerte 15. oktober eit kveldsseminar om kjønn, seksualitet og identitet. Mike Davidson er leiar av organisasjonen Core Issues Trust i ­Storbritannia, har sjølv ein homoseksuell bakgrunn og snakka om endring av seksuelle mønster og kjensler. Psykiater Øyvind Hasting hadde transseksualitet som tema. Seminaret var ope for alle og annonsert offentleg.

Medieomtalen både før og etter seminaret har i stor grad vore knytt til Mike Davidson og innlegget hans, og vi vil derfor konsentrera oss om denne ­delen av seminaret i det følgjande. ­

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tittelen på innlegget var sett opp som «Endring eller sølibat det er spørsmålet. Korleis hjelper vi dei som ønskjer å forlata homoseksuell praksis og kjensler?» ­Innlegget vart nok annleis enn det som var planlagt. Og vi korta ned på sjølve innlegget for å gje meir tid til spørsmål og innlegg frå salen.

Forsamlinga var ei heilt anna enn den vi er vant med på samlingar i regi av Frimodig ­kyrkje i Bjørgvin yngre, med eit tydeleg innslag av LHBT-personar, og kanskje var eit fleirtal av dei frammøtte sterkt kritiske til både seminaret og Davidson. Vi vil gje Davidson ros for viljen til å skapa dialog, få forsamlinga i tale og byggja bru til meiningsmotstandarane. Trass i skarpe frontar. Det var eit hovudpoeng for Davidson at vi nettopp bør snakka i lag, og ikkje sjå på kvarandre som fiendar.

Like mykje vil vi rosa dei mange kritikarane i forsamlinga. Ja, vi er usamde om rett og gale, og det var både kvasse og mindre kvasse innlegg i debatten. Men det er jo ikkje underleg sidan dette er store og viktige spørsmål som mange har tett innpå livet. Vi opplevde både innlegget til Davidson og den langvarige diskusjonen etterpå som meiningsfull og i stor grad respektfull. Her vil vi uttrykka vår store respekt og takk til alle dei som møtte opp og sa si ærlege meining.

Det stemmer at ei gruppe frå Raudt seinare avbraut ­innlegget til Hasting med flagg og ­banner før dei marsjerte ut av salen. Dette litt udemokratiske stuntet var forstyrrande, men det varte trass alt berre nokre få ­minuttar, og så gjekk seminaret vidare. Det store fleirtalet i forsamlinga følgde alminnelege demokratiske ­spelereglar og kan ikkje ­klandrast for handlingane til ei handfull demonstrantar.

Dessverre har arrangementet ført til sterkt negativt ­søkjelys mot NLA. To tilsette der har i ­etterkant sagt opp stillingane sine. Tilsetjingsforholdet er ei sak mellom dei det gjeld og NLA, og vi vil ikkje kommentera dette. Derimot må vi få lov å peika på måten seminaret blir omtala på. Ifølgje avisreferata ser dei to ut til å meina at homofili vart stempla som ein sjukdom på seminaret. Det er feil. Og å bringa vidare ei slik feilaktig framstilling fører, slik vi ser det, til at konfliktspiralen blir dreidd endå ei omdreiing. Det trur vi ikkje var meininga.

Ein del av omtalen av arrangementet ber òg preg av at dei som uttalar seg, ikkje var der. Framstillinga i media er til dels òg ­ganske forvirrande. VG skriv at «Davidson selv sier han ­praktiserer konverteringsterapi» (, 15.10.19). Ifølgje Vårt Land, derimot, «påpeker (Davidson) at han ikke driver konverteringsterapi» (, 15.10.19). Khrono, som er avis for høgare utdanning for forsking, har ei fantasirike oppfatninga at dette var eit «seminar som vil omvende homofile ­studentar» (.no, 15.10.19).

Ein kjem ikkje alltid lengst med å skyta frå hofta mot ukjent mål. Ofte er det betre å ­undersøkja saka først. Så langt vi høyrde ­Davidson på seminaret, forsvara han at vaksne som for sin eigen del har seksuelle kjensler dei ikkje er komfortable med, skal få lov til å oppsøkja fagpersonar å samtala med, og som støttar dei dersom dei sjølve ønskjer endring. Sjølvsagt må dette gjerast på ein etisk forsvarleg måte, og ingen - verken profesjonelle eller lekfolk må lova noko dei ikkje kan halda.

Kort sagt: Dette var ikkje eit arrangement i regi av NLA. Heller ikkje var det eit studentarrangement. Mike Davidson stempla slett ikkje homofili som sjukdom. Men han ville med sitt tradisjonelle kristne syn på ­seksualitet få lov til å vera ein samtalepartnarar for vaksne menneske som frivillig oppsøkjer han og ønskjer han som samtalepartnar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her synest vi Steinar Opheim reiser gode spørsmål i innlegget «Seksuell enveiskjøring» (Bergens Tidende 17.10.19). På seminaret i Bergen gjekk Mike Davidson i dialog med ei forsamling som var dominert av ­menneske med heilt andre synspunkt enn det han sjølv har. Som arrangørar la vi til rette for dialogen gjennom å utvida tida til samtale og kritiske spørsmål. Kanskje ingen forandra meining. Men noko ekkokammer var det i alle fall ikkje. Vi prøvde å ha ein dialog, og vi ser ikkje på folk som fiendar sjølv om dei er usamde med oss.