Illustrasjonsfoto: Carina Johansen, NTB scanpix

Russejenter, gjer opprør!

Måtte årets russejenter sjå kor sterke og flotte dei er. Kor rikt dei er utrusta. Måtte dei finne gleda i å gå sine egne vegar, utan å la seg presse.

Snart skal eit nytt kull jenter dra på seg russedressane og kaste seg ut i feiringa av 13 års skulegong. Dei har all grunn til å feire at skulen går mot slutten, men eg skulle så inderleg ønskje at dei i større grad også ville feire seg sjølve.

Ser dei ikkje kor sterke og flotte dei er? Kor rikt dei er utrusta? Kvifor i alle dagar tillet då nokre av jentene at medruss får gjere dei så små?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne veka fekk vi endå ein gong høyre om russegutar som stiller rystande krav til jenter som vil vere med på bussane deira, og om russesongar med krenkande tekstar.

Fleire russebussar i Bergen har publisert innlegg i sosiale medier der jenter blir omtala som horer og der det blir sagt at jenter som veg over 60 kilo ikkje får vere med i bussen. «Vi kan da ikke se på hvaler når vi skal på byen», blir det hevda.

Det er sjølvsagt muleg at vi i foreldregenerasjonen ikkje forstår bæret. At vi ikkje skjønar humoren. Eg skulle verkeleg ønskje at det var så vel. At vi mødre og fedre midt i femtiåra er så innsnevra at vi ikkje oppfattar den raffinerte satiren som ligg bak tekstar som «ikke si det er lov med horer over 60 kilo» og krav om at berre dei «magraste horene får vere med».

Det hadde vore strålande om det vi les som plump og platt russelyrikk, faktisk er eit sofistikert oppgjer med vår tids menneskefiendtlege kroppsideal. At det eigentleg er raljering med influensarar på sosiale medier, med kroppsdelar proppa av silikon, eller ein moteindustri med skinnmagre modellar.

Men eg trur ikkje det er så vel.

For like visst som trekkfuglane og kvitveisen, er det blitt eit vårteikn at russ skaper overskrifter med eit antikvarisk kvinnesyn.

Inne i klasseromma er det jentene som gjer det kvasst, medan gutane i større grad er taparar. Ute på parkeringsplassen, derimot, blir rollene meir enn snudd på hovudet, så snart dei får på russedressen og ei ølflaske i handa. Då let jenter seg nedverdige og i nokre tilfeller nærast prostituere.

Søndag er det den internasjonale kvinnedagen. Korleis er det muleg at vi ikkje er komne lenger etter #metoo-oppgjer og fleire generasjonar med kvinnefrigjering? Kva er forklaringa på at oppegåande jenter stadig let seg trakke på? At dei aksepterer krava til russebussane og syng med på dei flaue refrenga? Kvifor gjer dei ikkje opprør? Korleis kan det ha seg at mødrene er større feministar enn døtrene?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og kva seier det om verdiane til gutane som har pønska ut vektkrav og trakasserande tekstar? Om femten-tjue år blir nokre av desse gutane å finne i styrerom og leiarstillingar. Har dei tenkt å ta med dette kvinnesynet når dei tek plass i sjefsstolane? Tenkjer dei på at russetida i verste fall kan innhente dei og få dei sparka frå dei same stolane?

Her er det på sin plass med endå eit atterhald. Vi må tru at dei fleste russ er kjekke og kloke, at dei er opptekne av likeverd og at dei held seg for nasen når dei får ferten av kvinnefiendtleg kloakk. Men når russelåtar med kvinnediskriminerande tekstar ligg vekesvis på topp på spelelistene, seier det diverre sitt om at grumset vinn gehør hos ganske mange.

Det er ikkje lett å vere ung jente. Krava om å vere vakker og vellukka er beinharde. Kampen for å bli inkludert og akseptert blir nådelaust synleg i ei tid der «likes» og talet på følgjarar blir målestokk på kva ein er verd. J

entemobbing og utfrysing kan skape sår i sjela på den mest robuste. Dei fleste kvinner vil kunne fortelje at det var ei lette å kome over i vaksenlivet og legge intrigane og presset som prega tenåra bak seg. Og endå trur eg det vi sjølve opplevde ofte var blåbær mot det dagens unge jenter må takle.

Vi må likevel ikkje gjere den tabben at vi definerer jentene som hjelpelause offer. Dei har styrke nok i seg til å gjere opprør, dersom dei står saman. Det er eit opprør vi lengtar etter, for jenter skal ikkje la seg trakke på.

«Ta modige valg – som ikke styres av russekultur, pornografi eller seksualisert populærkultur», oppmoda Alexis Lundh, leiar i HeltFri, i fjor i eit debattinnlegg i VG retta mot russen.

Det er eit godt råd som bør repeterast ofte. Måtte årets russejenter sjå kor sterke og flotte dei er. Kor rikt dei er utrusta. Måtte dei finne gleda i å gå sine egne vegar, utan å la seg presse. Og måtte både jentene og gutane få ei aldeles super russetid.