Regnbogemesse og pride-festival

På få år har ei ny rørsle fått fotfeste. Dei kallar det «pride-festival». I kyrkja vil dei også vere aktuelle, og arrangerer «regnbogemesse» i samband med nemnde festival. Dette har fått meg til å reflektere kring bruken av ord og fargar.

På engelsk har ein eit uttrykk som lyder: «to be proud of». På norsk tyder det «å vere stolt av». Pride tyder «stoltheit». Bodskapen er altså at ein er stolt av å vere det ein er, kva det enn er, og ein er stolt av å leve ut den ein er. Alle grenser for «normalitet» er oppheva. Kjønn finst ikkje. Tidsånda gjer det nærast til eit krav at vi alle skal vere stolte av det moralsk grenselause samfunnet.

Kyrkja har vedteke at ein vil vere inkluderande og open for alle slags folk. Og det vedtaket er heilt i tråd med Bibelen. Det som ikkje er greitt, er at kyrkja har gjort vedtak om kva Gud seier om konsekvensen av brot på Hans ord og vilje! Kyrkja har gjort seg til dommar over Guds Ord! Flagget pride-rørsla har som sitt kjennemerke, har seks fargar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og i Bibelen er talet seks nytta som uttrykk for fiendskap/motstand og opprør mot Gud. Frå syndefallet har mennesket alltid stått Gud og hans vilje i mot. Vi vil vere «sjef i eige liv». Og gjere det vi har lyst til. Regnbogen er eit teikn på himmelen for alle folk og ætter. Den har sju fargar. Sju-talet i Bibelen er sett saman av to tal 3+4. Talet tre er Guds tal. Gud er tre-einig – Fader, Son og Heilag Ande – og han er heilag. Talet fire er talet for skaparverket. Alt som er til, jorda og alt som fyller den.

Regnbogen har ein særskilt plass i Bibelen. Forhistoria – eller årsaka til regnbogen – finn vi i forteljinga om Noah i 1Mosebok kapitla 6–9. Vi les der at: Herren såg at vondskapen åt menneska var stor på jorda, og alle tankar og føremål i hjarta deira var vonde heile dagen til ende. Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og hjarta hans var fullt av sorg. (6,5–6)

Noah fann nåde for Herrens åsyn (vers 8) og vart beden om å byggje ei ark (båt) av gofertre. Gud har gjeve nøyaktige mål som båten skal byggjast etter. Bibelen fortel vidare i 6,17–18: Og sjå, eg lèt ein vassflaum koma over jorda og øydeleggja alt kjøt under himmelen, som har fått livsande. Alt som er på jorda skal gå til grunne. Men eg vil gjera ei pakt med deg, og du skal gå inn i arka – du og sønene dine og kona di og sonekonene dine.

Noah fekk sju dagar til å ta inn sju par av alle slag reine dyr, hann og ho, og av ureine dyr skulle han ta med eitt par, hann og ho. Då desse sju dagane var til ende, skulle det ta til å regne. Regnet skulle vare i 40 dagar og netter. Og eg vil rydja ut frå overflata på jorda alt liv eg har skapt. (1Mos 7,4) Bibelen gjev oss ikkje innsyn i kva som hende utanfor arka. Men mykje kamp og smerte må det ha vore. Saman med fortviling. Og mange kvifor…

Kva har regnbogen med dette å gjere? Bibelen gjev oss svaret i kapitel 9. Gud gjer ei einsidig pakt (avtale) med Noah og med etterkomarane. Gud tala til Noah og til sønene hans som var med han, og sa: Sjå, no vil eg sjølv gjera ei pakt med dykk og med etterkomarane dykkar, og med kvar levande skapning som er hjå dykk, fuglane og feet og alle ville dyr hjå dykk – alt som gjekk ut or arka, alle dyra på jorda. (9,8–10)

Og vidare: Og Gud sa: Dette er teiknet på den pakta eg gjer mellom meg og dykk og kvar levande skapning som er hjå dykk, for alle komande slekter og tider: Eg har sett bogen min i skya, han skal vera eit teikn på ei pakt mellom meg og jorda. (9,12–13)

Regnbogen er altså Guds signatur på ein lovnad som gjeld for evig tid! Dersom kyrkja skal arrangere regnbogemesse må den ta med seg, og formidle denne unike lovnaden. Sjølv om ein då vil utfordre – eller provosere – det politisk korrekte. Kyrkja tek ikkje slike omsyn i andre aktuelle saker, så kvifor her?

Regnbogen er ikkje eit uttrykk for mangfald og fargerikt fellesskap. Pride-flagget med sine seks fargar, er eit fargerikt symbol på dyrkinga av mennesket og respektløyse for Gud som skapar og sann Gud. Det seier seg sjølv at ei regnbogemesse og bodskapen til pride-rørsla kolliderer med vedkjenninga og hjørnesteinen kyrkja kviler på.