Radikal islam – meir i vente

Islamismen, politisk islam, radikal islam, militant islam, fekk finansiering gjennom enorme budsjettoverskott.

Det er ikkje ofte du tek til med ei bok, les, les meir, og finn ho så interessant at du snautt rekk å få i deg kveldsmaten.

Tittelen er «Terrorens rike» (Gyldendal 2017) og handlar om den radikaliseringa av islam som er sprungen ut frå ei valdeleg sekt i den arabiske ørkenen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Boka gjev eit eineståande innsyn i den ekstremewahhabismen, som vart klekt ut av Muhammed ibn Abdul Wahhab på 1700-talet.

Den tidlegare norske ambassadøren til Saudi – Arabia, Carl Schiøtz Wibye, er no blitt pensjonist, og kan difor seie sanninga om dette tyranniske regimet. Saudi-Arabia er så lite tilgjengeleg at folkevalde og folk flest i Europa veit lite om dette viktige landet.

Få kjenner soga om korleis fanatiske predikantar i dei mest isolerte traktene i indre Arabia har fått stor innverknad – direkte og indirekte – på hundretals millionar muslimar i vår tid.

I 1932 gjekk det wahhabiske presteskapet i kompaniskap med herskaren Abdulaziz al Saud. Kongeriket Saudi-Arabia vart skipa. Verda merka ikkje så stort til dette, tilbaketrekte som dei var.

Men då oljeprisen auka dramatisk på 1970-talet, var det ikkje berre oljen som vart pumpa opp, men dollar, i milliardtal, som vart pumpa inn, verda rundt for å utbreie wahhabismen, denne særeigne forma for ekstrem og valdeleg islam. Det vart sett i gang ein propaganda-kampanje av historiske dimensjonar.

Islamismen, politisk islam, radikal islam, militant islam, fekk finansiering gjennom enorme budsjettoverskott. ­Hittil er bygging og innreiing av meir enn 10.000 moskear rundt i verda finansierte med arabiske petro-dollar.

Saudi-Arabia reknar seg som rollemodell for korleis muslimar skal leva eller ikkje leva. Religionspolitiet passar på over alt. Offisielt forbod mot alkohol, musikk og teater, medfølgjande kvinneundertrykking og kjønnssegregering. (Folket må ned i løynde private kjellarar for å ha det moro).

Eksporten av wahhabismen går føre seg i form av predikantar, nye moskear og madrasaer, skulebøker, særlege omsetjingar av Koranen, bøker og reklame, kjøp og betaling av lærekrefter og undervisning på vestlege universitet, bruk av satellitt-TV, internett og aktive grupper på sosiale media, press og krav motFN,EU og andre fora, der «toleranse» berre går ein veg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I opplegget blir det nytta svære pengesummar og politisk taktikk for å stoppe negativ omtale. Målet er å få all kritikk av islam til å forstumme.

Taliban,IS ogAl Qaidaer mellom dei valdelege avleggjarane. Når det stadig er politikarar og kommentatorar – også norske – som seier at «IS er ikke islam», minner Schiøtz Wibye om at «bevegelsens destruktive kynisme er solid plantet i århundregammelt, radikalt tankegods i islam».

Forfattaren er overraskande konkret i sine avsløringar av hersketeknikk og indre tilstandar i Saudi-Arabia. Han kjenner landet og folket, ikkje berre frå kontoret, men frå lange reiser med motorsykkel (!) og inngåande studiar av historie, litteratur, religion og mentalitet.

Særleg interessant er kapittelet om korleis wahhabismen gradvis smyg seg inn og får fotfeste i Vesten. Dei yngre generasjonane av muslimar blir radikaliserte. Der islam ikkje når fram med fredeleg overtaling, er neste steget å skapa frykt med vald og terror. Det er meir i vente.

Ein del skildringar av råskapen er av ein slik art at eg kvir meg for å setja det på prent. Dei som til dømes er interesserte i å lesa om wahhabiske straffemetodar mot høg-gravide kvinner og «vantrue», har noko å sjå fram til …

Med denne nærgåande boka har Carl Schiøtz Wibye tilført ein ny og viktig dimensjon til ordskiftet om islam, radikalisering, og vår forståing av fenomenet.

Mitt einaste ankepunkt mot boka er at forfattaren i mange samanhengar har bytta ut namnetAllah med Gud. Det skapar forvirring og rimar ikkje med røyndomen.

Går ein inn i dette store stoffet, jamvel med nyansar for auga, er det på nytt bod om ein klar empirisk skilnad mellom kristen­dom og islam: Langt dei fleste kristne retningane hyllar livet. Langt dei fleste islamske retningane hyllar døden.