Påskeevangeliet

Påskeevangeliet er gode nyheiter i 2018. Fordi Jesus lever så har vi muligheita til å få del i det evige livet i himmelen.

Påska nærmar seg, og vi kan på ny minnest det store dramaet som skjedde for om lag to tusen år sidan i det heilage landet. Påska er like viktig som jula for oss kristne. Begge dei to store høgtidene høyrer saman. Utan påska så ville ikkje jula hatt noko betydning. Jesus Kristus kom frå himmelen for å frelse og løyse ut ei menneskeslekt som er fanga i synda og djevelen sitt garn.

Denne høgtida er på same tida som då israelsfolket vart fridd ut frå slaveriet i Egypt. Dei slakta påskelammet og smurte blodet på dørstolpane. Då vart dei bevart når dødsengelen gikk gjennom landet og alt førstefødt døde. Gud opna Raudehavet så dei gikk tørrskodd over, men då egyptarane prøvde på det drukna dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jesus er Guds lam som frivillig vart ofra for vår skuld. Han måtte lida fysisk og åndeleg. Då han hang på korset ropte han ut: «Far, far kvifor har du forlete meg.» Han vart forleten og smakte døden for at vi ikkje skal gå fortapt. Bibelen seier at han vart gjort til synd for oss for at vi skulle verte rettferdige for Gud. Når vi tek imot Jesus så ser Gud på oss som vi aldri hadde synda!

Han vart lagt i grava, men beviste seg å vere Guds veldige son ved oppstoda på den tredje dagen! Døden kunne ikkje halde på han for Jesus var utan synd. Venene hans kunne knapt tru at han kom tilbake til livet, men måtte til slutt erkjenne: «Herren er sanneleg oppstanden, og Simon har sett han.» Lukas 24:34 Nokre spør: Kan det vera mulig? Ja ingen ting er umulig for Gud!

Dette verset minner meg om då er såg Jesus i eit syn på ein leir i påska i 1973. Han hadde auge som eldslogar, og stemma var som lyden av ein foss. Han heldt meg i eine handa og med den andre handa viste han seg sjølv i smerte på korset. Så høyrde eg han seie: «Sjå i begge hendene mine har eg teikna deg.» Gjennom denne opplevinga fekk eg kallet til misjonen.

Påskeevangeliet er gode nyheiter i 2018. Fordi Jesus lever så har vi muligheita til å få del i det evige livet i himmelen. Tida går utruleg fort og snart er vi borte frå jordelivet. Då er det godt å kunne eige ei von om noko som er trygt og sikkert og som aldri skal forgå!

Apostelen Paulus seier det så fint: «No har denne nåden vorte openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring. Han har gjort ende på døden og ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet.»

God påske!