Omsorg i møte med døden

For mange av oss kan det nok vere freistande å trekkje seg litt unna pårørande. Det kan vere meint som ein form for omsorg.

Alle skal vi døy ein gong. Det er ei kjensgjerning vi ikkje kjem unna. Vi kan skyve tanken unna oss så lenge vi maktar, men til slutt kjem vi til kort. Det er betre å kunne snakke ope om døden, også om frykt for døden, enn å flykte frå dette.

På mandag kunne vi her i Dagen lese om ekteparet Laila og Tarald Ueland, som før jul opplevde at den 47 år gamle dottera Lillian døydde, etter seks års kamp mot kreft.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mor Laila fortalde at opplevinga av sorg nærast vert verre dag for dag, etter kvart som det er stadig meir foreldra gjerne skulle ha snakka med dottera om.

Dei snakkar no om «den andre sorga», etter at dei først kjende på sorga over at dottera vart sjuk og hadde det vondt. Det er ikkje utan grunn at døden i Paulus’ første brev til korintarane vert omtalt som den siste fienden.

Kvar dag døyr det i snitt 111 menneske her i landet. For dei fleste av oss går desse hendingane sin gang utan at det påverkar oss noko særleg. Men stundom er det nokon vi kjenner som døyr, og då vert vi igjen innhenta av den smertefulle realiteten. Saknet slår oss.

I eldre bibelomsetjingar kunne vi lese at det er menneska sin lodd ein gong å døy, og deretter dom. For ein kristen er difor døden ikkje berre ein kjelde til smerte. Apostelen Paulus skriv om at vi som kristne ikkje treng sørgja som dei som er utan håp. Sorga er der likefullt, men trøysta i Guds frelse og løftet om oppstode og evig liv er ei kjelde til nytt mot.

For mange er det likevel slik at ein ikkje heilt veit korleis ein skal møte døden. Vi veit heller ikkje heilt korleis vi skal møte menneske som nett har mista nokon av sine kjære. Og det er ikkje lett å snakke om døden.

I ein tid kor helsevesenet gir oss mogelegheiter som overgår det vi tildegare kunne ane, synest døden nærast å vere eit tabu. Slik sett var det paradoksalt å lese i Dagen tysdag om den belgiske lækjaren Marc van Hoey, som har hjelpt 100 menneske til å ta sitt eige liv.

Det er til stor hjelp å sjå livet som ei gåve fra Gud. Det set livet i sitt rette perspektiv. Det set også sorga i sin rette ramme. Vi lever og døyr ikkje for oss sjølve.

«Vi treng fleire telefonar», sa Laila Ueland på spørsmål om ekteparet kjenner at dei treng ro no i tida etter at dottera er død. For mange av oss kan det nok vere freistande å trekkje seg litt unna pårørande. Det kan vere meint som ein form for omsorg. Men kan hende er verknaden motsett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ingen kan ta monopol på smerte, og det gir ikkje meining å rangere sorg. Mellom anna difor var det nyttig å kunne lese i Dagen tysdag om sorgseminar i Birkeland kirke i Bergen. Dette er eit tilbod til etterlatne etter dødsfall. Her kan dei sjølve få setje ord på sorga, få lære om naturlege sorgreaksjonar og finne saman med andre som også ber på smerte.

Men også mange andre enn dei etterlatne kunne ha godt av å snakke meir om møtet med døden. Det kristne fellesskapet skulle vere ein naturleg stad å hente både trøyst og styrke for dei som er i sorg. Samstundes kan ein også her oppleve at menneske trekkjer seg unna. Då er det viktig å tenkje over korleis vi sjølv ynskjer å bli møtt den dagen det er vi som har mista ein av våre kjære.