Om hoftebrot og musikkfest

Det gler meg når media skriv om alt det flotte som skjer i kristen regi rundt om i landet vårt om sommaren. Eg vart også glad då eg tilfeldig såg at avisa Dagen fredag 13. august hadde ein reportasje i forkant av Skjærgårdssang som vart arrangert i Langesund i helga, men etter å ha lese reportasjen er eg litt betenkt. For på denne festivalen med alle desse «gamle» var eg tilstades.

Skjærgårdssang er arrangert ni gongar. Eg har vore på dei tre siste, og eg må sei at vert litt lei meg når eg tenkjer på at arrangementet har gått av stabelen utan meg seks gongar! Eg visste rett og slett ikkje om at det fantes og det plagar meg. Kva har eg gått glipp av alle desse åra?

Som representant for dei som er under 50, må eg sei at det var stort å få vera tilstades også i år. Fantastiske musikarar og artistar! Nydeleg lyd! Svært høg til tider, og nydeleg likevel! Alle dei frivillege som stiller opp for at fleire tusen skal ha ei festhelg! Dette er ein god plass å vera for den som er glad Jesus og i god song og musikk. Uansett alder!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein kan ikkje venta at alle skal lika alt like godt på ein slik festival, og ein bør ikkje koma til Skjærgårdssang dersom ein trur at ein skal høyra sin favorittsongar eller sin musikkstil på alle 5 konsertane og på gudstenesta søndag. På denne festivalen får ein servert mykje ulikt og årets festival var ikkje eit unnatak i så måte. Her var stille lovsong, heftig gospel, mektig allsong, forrykande gitarsoloar, sterke tekstar og gripande vitnesbyrd. For å nemna noko.

Dagen si overskrift «Fryktet hoftebrudd på sangfestival», festivalsjefens sitat om «De gamle...» og fokuset på årets bakeri er nok meint positivt og muligens humoristisk, men eg ser ikkje heilt humoren her. Kvar er fokuset på musikken og artistane som skulle delta?

Eg håper Dagen kjem med eit tilsvarande stort oppslag i etterkant av festivalen. For det er nesten litt trist å tenkja på dei, uansett alder, som på grunn av Dagen sitt oppslag ikkje kjem til å melda seg på Skjærgårdssang. Dei går glipp av ei meget, meget god åndeleg og musikalsk oppleving.

Til dei som arrangerer Skjærgårdssang vil eg berre sei tusen millioner takk. Så får det våga seg om ferien og juli regna vekk i år. For eg har vore på Skjærgårdssang i Langesund! Og til dei som lurar: Eg blir å finna i Langesund 11.-13. august neste år også! Saman med 3000 andre!