Nyttårstankar

Ved nyttårstider går tankane mine ofte både framover og attende til året og tida som gjekk. Det kan vera mange ting med angrar på der og har bede vår Gud om forlating. Og då har me fått det. Men kanskje det har skada noko og.


Av Nils Dybdal Holthe.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nå tenkjer eg mest framover. Og då går tankane vidare utover. Då må me tenkja positivt og aktivt: Kva kan me gjera nå? Har den einskilde av oss kristne nokon funksjon eller oppgåve i tida nå? Eller er det berre politiske parti og store organisasjonar som kan og skal det?

Det er lett å seia at me kristne skal be. Og det skal me. Gud har sagt det i ordet sitt. Men er oppgåva løyst med det? Har me gjort alt me kan?

Viser ikkje Guds ord at Gud vil ha og faktisk treng hender og føter og munn til å utbreia sitt rike? Han ba læresveinane om å gå. Og han ba dei om å forkynna. Og han vil me skal hjelpa andre som treng det. Me har ulike nådegåver og evner og anlegg. Slik er det klårt at ikkje alle kan gjera alt. Somme kan mykje og kan gjera fleire slags tenester. Men eg trur Gud treng også folk som berre har ei nådegåve eller naturgåve. Me må berre prøva å gjera det me kan med den.

Med desse Nyttårstankane ville eg gjerne oppmuntra deg med den eine gåva: Ver frimodig og gjer det du kan. Herren set pris på det. Du skal ikkje tapa motet eller føla deg liten og udugeleg som ein medarbeidar i Guds rike. Det er rett at me er små i høve til Guds rike og dei store oppgåvene. Men Gud kallar dei små. Og deretter gir han kraft og styrke til kvar ein.

Og du som har to eller kanskje fleire gåver, du får mange anledningar. Gå inn i dei, bruk deg sjølv i Guds teneste. I småting og større saker.

Og ein ting til: Lat oss gjera dei gjerningar me blir leda inn i sjølv om ingen andre ser det. Ikkje fall for freistinga til å koma i rampelyset med det du gjer. Det er nok av dei som gjer det. Gud ser i det skjulte, stsår det, og han vil løna deg i det openberre – om ikkje før så i himmelriket. Då er alt det syndige borte. Då vil takken stiga høgt frå alle sanne tenarar.