Ny flyktningkrise under oppseiling

Vedtaket om å tillate 0.01 flyktning i Krykkjebakksundet kan vise seg å være eit strategisk feilgrep. Kommunens einaste flyktning lir av overintegrering.

Krykkjebakkposten har ogsåen egen Facebook-side.

--------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er no meir enn to år sidan­ den då nyvalde ordføraren ­Bergljot Gaukhei gjorde vedtak om ein «streng, rettferdig og nokså ­human» flyktningpolitikk. Basert­ på Tysklands 800.000 Syria-­flyktningar rekna ho ut at kommunen med sitt folketal kunne ta imot 0.01 flyktning frå Syria.

Svaret kom i form av ein rørleggjar frå nabobygda, Mahmoud, som eigentleg var irakar men hadde ein grand­onkel i den syriske byen Homs.

No trugar Mahmoud med å ­stenge den nyopna rørleggjar­butikken og dra frå bygda.

– Eg kjenner meg sliten, seier han oppgitt. Nyleg var han hos fastlege­ Pontius Pillefjord og fekk diag­nosen «overintegrering».

Innovasjon og ­integrering

Bakgrunnen for Mahmouds ut­fordringar er ein opning hos ­Innovasjon Norge for støtte til nyvinningar på integreringsfeltet. Ein plakat på Handelslaget førte momentant til ein eksplosjon av nye idéar og prosjekt.

– Som den einaste flyktningen her vart eg prøvekanin for den ­eine rare idéen etter den andre. Og eg er ikkje ein gong flyktning, sukkar Mahmoud bak skranken i butikk­en «Krykkjebakken rør og forretning».

– Kva er det verste du har vore ­utsett for av integreringsforsøk?

– Det var kanskje turen i grisebingen til Lillemor Lampe.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kvifor var du der?

– Ho skulle testa ut ein heilt ny generasjon innvandrarvenlege ­minigrisar. Dei var så små at dei såg ut som sparegrisar. Ho forsøkte å overbevise meg om at dei dermed ikkje var noko problem for meg som muslim. Eg forsøkte meg på ein spøk om bacon, men då vart ho lang i maska og omvisningen var over, glisar Mahmoud.

Flyktningkonsulent

Han er ikkje berre misfornøyd med dei mange tiltaka. Til dømes har flyktningkonsulenten vært til stor hjelp med å rydda opp på ­lageret i butikken, og dei tusen para med­ ­strikkelabbar frå Velmeinande­ ­Interkulturelt Arbeid (VIA) har han brukt som isolasjon på vassleidningar som ligg utsett til for vinterfrost.

– Dessutan har Kyrkjekontoret­ oppretta Krykkjebakksundet ­interreligiøse livssynsråd som fem dagar i veka gjer kyrkja om til ­moské. Eg fekk arbeidet med å ­installere dei nødvendige fasilitetane til handvasken, og eg kjenner at det har hjelpt på integreringa, seier han nøgd.

– Har du nytta tilbodet så langt?

– Ikkje utover eit par reparasjon­ar og kontrollar av systemet, nei, smiler rørleggjaren.

Orkar ikkje meir

Men trass alt dette vil Mahmoud stenga butikken og dra tilbake dit han kom frå, nemleg nabokommunen Stordalen. Dråpen som fekk begeret til å flyte over var Primvald Krykkjebakk d.y. som hadde ­utvikla ein app som gjorde­ det ­mogleg for flyktningar å bli ­integrert i løpet av ti sekundar. Mahmoud vil ikkje utdjupe kva ­appen inneholdt, men mumlar ­noko om unevnelege bilete og eit nasjonalromantisk stev.

– Vart du meir integrert?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Primvald meinte at med denne appen vart ein enten integrert ­eller ville flykte frå landet. Eg hamna nok i den siste kategorien, men eg ser ikkje bort frå at det kan fungere for andre.