Norsk lov nektar rett til å ha far

Paragraf ein i ekteskapslova seier etter det ny framlegget at «to personer av motsett eller samme kjønn kan inngå ekteskap». Det fører med seg at nokre born etter norsk lov vert nekta å ha ein far.

Reint biologisk er det sjølvsagt umogleg å vera utan far. Når så nokre born vert nekta å ha far på det personlege og juridiske planet, viser det kor hinsides all fornuft og kor naturstridig ei kjønnsnøytral ekteskapslov er. Det brutale overfor born vert sett på spissen i barnelova.

Ved at lesbiske skal kunna få born ved donorsæd, vil det som konsekvens verta fødde born utan far. I tillegg til den biologiske mora får dei då det lova kallar ei «medmor», og så slår paragraf fire i barnelova fast: «Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.» Med det er det altså ved norsk lov ordna slik at nokre born vert fråteken retten til far. Det er grotesk, og det er i strid med allmenn tenking både om borns rett til å ha far og borns behov for far.