Nordmenn isolerer seg

Under generalforsamlinga til Normisjon hevda ein av misjonærane at nordmenn isolerer seg eller er i ferd med å verta isolerte i høve til den globale fattigdommen. Det var ei utvikling han hadde merka dei siste åra, saman med at nordmenn stadig vert rikare. Den første reaksjonen på denne observasjonen er truleg at dette ikkje kan stemma. Vi er opne og vi ønskjer å vera opne, vi fylgjer med i kva som skjer globalt og vi er svært aktive på nødhjelps- og bistandssektoren. Ved nærare ettertanke må vi gje den erfarne misjonæren rett. Vårt sterke fokus på velferdsstaten og vår stadig større materielle rikdom gjer oss sjølvopptekne. Blikket vårt vert vendt innover, ikkje utover.

Misjonærens påstand var for oss uventa og dramatisk, og han sette i gang ein tankeprosess der vi måtte reflektera over kva pengar, materiell rikdom og velferd gjer med oss og haldningane våre. Vi måtte også reflektera over kva all informasjonen gjer med oss og med evna vår til å ta inn over oss det som ligg i kunnskapen.
Vi er i ferd med å koma til ei radikal erkjenning av at velferdsstaten og informasjonssamfunnet gjer oss avstumpa, mindre følsomme overfor menneske i nød, reduserer evna vår til erkjenning av den faktiske situasjonen og med det lukkar oss inne i oss sjølve - isolerer oss.
Frå ei side sett er dette ikkje ei aktiv og vilje isolering, fordi det er utviklinga i tida som skaper henne. Frå andre sida sett er det ei vilja om enn umedvita isolering, fordi vi vil ha større velferd og meir rikdom - og då kjem vi ikkje unna dei negative fylgjene av dette ønskjet.
Nett sidan denne isoleringa delvis skjer uønskt og umedvite, er det di meir nødvendig at vi set fokus på det og gjer alt som står i vår makt for å motverka det. Utviklinga og isoleringa er i strid med den kristne forvaltartanken og den kristne nestekjærleiken. Difor er det ei kristenplikt å ta problemet på alvor og motverka det i eige liv, i den kristne forsamlinga og i samfunnet.
Heile tanken om at nordmenn isolerer seg eller vert isolerte, frontkolliderer med alt vi tenkjer om landet og folket vårt. Like frå vikingtida til vår tid har vi vore eit folk som har hatt augo vende utover og vi har søkt ut. Det gjeld alt frå vikingane sine røvartok, via skipsfarten og næringslivet, misjons- og bistandsarbeidet, den globale studie- og feriekulturen til freds- og meklarinnsatsen. Vi er ei internasjonal stormakt i freds- og bistandsarbeidet.
Det er altså ikkje på det ytre planet eller med tanke på aktivitet isoleringa skjer, men på det indre og mentale planet. Misjonæren opplevde at det for kvar gong han var heime, var det vanskelegare i nå inn i nærmiljøet med situasjonen for dei fattige han levde blant ute. Informasjonen aukar, men evna til å ta inn over seg det ein vert informert om, minkar. Med det minkar også engasjementet for dei fattige, og engasjementet for sin eigen situasjon aukar.
Dette vitnar om at rikdommen og materialismen - mammon - er ei åndsmakt som bind, og som utviklar egoismen. Den som har mykje, vil ha meir, med den fylgja at den som har lite, kjem i bakleksa. Det skjer ei isolering på det mentale planet med destruktive fylgjer for folk i nød.