Nordhaug og ordinasjonsnekt

Som leiar, viser du veg. Det gjeld òg for biskopane i Den norske kyrkja.

For unge som lurar på om kyrkja kan vera ein arbeidsplass for dei i framtida – som prestar eller i andre tenester – er det viktig kva retning biskopane peikar på for denne kyrkja framover.

Og for oss andre er det viktig å vita om vi kan våga å oppmuntra unge menneske om å gå inn i ei slik teneste, eller ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter at biskopane nyleg uttalte seg om kvinneprestmotstand, ordinasjon og kollegafellesskap, siterte Vårt Land biskop og preses Olav Fykse Tveit på følgjande (VL, nettutgåva 16.10.20):

Preses kaller uttalelsen «en presisering av gjeldende ordning», og sier at dersom noen i prosessen mot ordinasjon finner ut at vedkommende ikke vil samarbeide liturgisk med kvinner «tviler» han på at vedkommende vil bli ordinert. – Da står man i motsetning til kirkas ordning.

Spørsmålet mitt til biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin er dette: Deler du den oppfatninga preses uttrykker her?

Les også
Kvinneprestmotstander: – Sørgelig
Les også
Både kvinner og menn er kalt til presteteneste i kyrkja