FJERNAR KROSS: Tusenvis av krossar er brutalt tekne ned frå bygg som høyrer til den registrerte Tre sjølv-kyrkja. Krossteikna er erstatta med kinesiske flagg, skriv Johannes Morken. Biletet er frå Zhejiang-provinsen.

Når krossen skal ned

Når Kinas utanriksminister Wang Yi torsdag kjem til Oslo, er det tid for tydeleg tale om dei grove brota på trusfridommen i landet.

President Xi Jinping har sett i gang den verste undertrykkinga av religion i Kina sidan den blodige kulturevolusjonen som tok slutt i 1976. Regimet i Beijing er djupt uroleg over den sterke veksten i kinesiske kyrkjer.

Regimet vedgår offentleg at talet på kristne har vakse sterkt i dei åra der Kina, etter Kulturrevolusjonen, sleppte opp for friare praksis for trussamfunn. I eit offisielt dokument frå 1997 vart talet på kristne oppgitt til 10 millionar. I 2018 kom eit nytt «white paper»: Der var talet på kristne kome opp i 38 millionar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei reelle tala er langt høgare, sjølv om ingen veit heilt sikkert kor mange kristne det er i Kina. Poenget er heller ikkje her å skriva om tal. Det er eit anna tema. Men regimet til Xi Jinping vedgår sjølv altså ope at talet på kristne er nær firedobla på to tiår. Det er oppsiktsvekkjande. Talet har eg frå den gode Kina-kjelda China Source.

Den sterke kyrkjeveksten har skremt Xi Jinping. For han er det klart eit feilsteg at det i tiåra før han nådde makttoppen, vart sleppt opp for friare utøving av religion. I prosjektet hans er kyrkjeveksten ein av fleire store trugsmål.

Difor kjem lover, direktiv og kampanjar med klare og brutale siktemål: Alle religion skal vera statskontrollert og skje i registerte trussamfunn. All utøving av religion – også i registrerte trussamfunn – skal vera «kinesisk», det vil seia i tråd med verdiane til det kinesiske kommunistpartiet.

Difor er mange uregistrerte kyrkjer stengde, og pastorar sit i fengsel. Difor er mange kyrkjer jamna med jorda. Tusenvis av krossar er brutalt tekne ned frå bygg som høyrer til den registrerte Tre sjølv-kyrkja. Krossteikna er erstatta med kinesiske flagg.

Det truverdige nettmagasinet Bitter Winter fortel om provinsen Anhui aust i Kina. Magasinet har gode kjelder inne i landet og kan fortelja at i første halvår i år vart minst 900 krossar rivne ned av Tre sjølv-kyrkjer.

Denne provinsen har det nest høgaste talet på kristne i Kina, ifølgje Bitter Winter. I april gav Kontoret for religiøse saker i Taihe i Anhui-provinsen ordre om å fjerna krossen frå ei Tre sjølv-kyrkje. Makta truga med å stengja kyrkja dersom ikkje ordren vart følgt. Fortvilte kyrkjefolk prøvde å stå imot, men krossen skulle ned og kyrkja skulle likna andre bygg.

I Yingdong mista ei Tre sjølv-kyrkje, som samlar meir enn 1.000, krossen sin i april. Den lokale makta forklarte at det var del av ein nasjonal politikk. Eit medlem av kyrkja hadde forstått: Dersom dei nekta, ville kyrkjefolket mista pensjonar og sosialhjelp, og barna til kyrkjegjengarane kunne mista sjansen til å skaffa seg utdanning.

Undertrykkinga rammar all religion. Det kinesiske regimet mistrur alt som skjer i forsamlingar dei ikkje har kontroll over. Difor blir det mange stader også utplassert overvakingskamera i gudshus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Situasjonen og jernkloa varierer noko mellom provinsane og frå stad til stad. Men presset vert tøffare og tøffare heime, medan Kina styrkjer rolla si på den globale scena, både politisk og økonomisk.

Det er gledeleg at det internasjonalt støtta bibelarbeidet får halda fram. Svært mange kinesiske kristne er frimodige og jublar for biblane. Prestar, pastorar og andre leiarar er dei fremste til å hamna i klemma både når krossar skal ned og sosialistiske songar og propaganda skal inn i gudstenestene.

Det er fortvilande å sjå korleis regimet prøver å knekkja trussamfunn eller pressa truande til å innordna seg. Vi veit frå andre diktatur at det skal stort mot til å halda stand.

Difor treng pastorar og prestar folk som ser dei – med alt frå bibelgåver til politisk protest. Vi skal stå opp for både kristne, muslimar og buddhistar som vert knebla for trua si.

Og utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide må seia tydeleg i frå i møtet med den kinesiske kollegaen.