Misjon når pandemien herjar

Pandemien har herja stygt med den kristne kyrkja i over eit år. Når vaksineringa er godt i gang ser vi kanskje lys i tunnelen.

Sosial distansering og nedstenging av samfunnet har gjort det vanskeleg å praktisera eit normalt forsamlingsliv. Gudstenester og andre samlingar har vorte avlyste eller erstatta av digitale sendingar.

Eg har inntrykk av at kristne kyrkjer har vore svært lydige mot styresmaktene sine råd og påbod. Det kan vera ein god ting, men når styresmaktene ikkje forstår kor viktig trua er for folk, kan det vera problematisk å blindt følgja dei råd og påbod som kjem.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristentrua er ikkje ei privat tru, for ho søkjer og skaper fellesskap. Trua er personleg, men ikkje privat. Dei første kristne praktiserte fire grunnleggjande ting som dei heldt fast på. Dei tok imot undervisning frå apostlane og levde ut det dei lærte i kvardagen.

Dei heldt fast på fellesskapet, dei nære og gode relasjonane for å oppfylla misjonsoppdraget. Dei var nære medarbeidarar, partnarar og gode venner. Difor tok dei del i Herrens paktmåltid og braut brødet saman frå heim til heim og feira den nye pakta i Jesu blod. Dette heilage fellesmåltidet var livsviktig for dei. Livet var også gjennomsyra av bønn.

Dei bad saman, både i templet og i heimane kvar einaste dag. Som regel bad dei saman om morgonen, midt på dagen og om kvelden, ved bønnetimane.

Dei første kristne var villige til å lyda Gud meir enn menneske for å praktisera den felles trua si, jamvel om dei møtte forbod og forfølging. Sjølvsagt trur eg vi må oppføra oss ansvarleg i ein farleg pandemi, men vi kan likevel ikkje gå på kompromiss og bli styrt av frykt og menneskeleg rasjonalisme. Vi har eit oppdrag om å forkynna evangeliet og gjera folk til læresveinar som følgjer Jesus i kvardagen. Midt i pandemien treng folk evangeliet.

Mange har vorte isolerte og kjenner seg åleine, men Bibelen seier at vi ikkje må forsømma å koma saman.

Fellesskapet må dyrkast og utviklast jamvel om eit farleg virus herjar i samfunnet.Vi må vera kreative og finna trygge løysingar og ikkje berre avlysa og avlysa. Fellesskap og vennskap er viktigare enn nokon gong.

Vi lever i eit sekulært samfunn der ein rasjonalistisk tankegang rår. Det er lett å bli påverka av den rådande filosofien og kulturen vi lever i. Utan vi merkar det, tenkjer vi som alle andre rundt oss og tilpassar oss.

Då godtek vi dei vanlege fornuftige forklaringane på livet og alt som skjer rundt oss. Men kor er Gud i det biletet? Når alt frå ver og vind til sjukdom og død berre har naturlege forklaringar, blir Gud borte og kristentrua lite relevant.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den sekulære og rasjonalistiske tankegangen er eit farleg virus som drep trua hos mange av våre landsmenn. Evangeliet om Guds rike er den beste motgift mot dette farlege viruset. Ein av våre indiske medarbeidarar sende meg denne helsinga i førre veke: «Dag for dag kjem folk til tru og blir med i det kristne fellesskapet.

Ei 14 år gammal jente frå ein heidensk familie døydde. Etter 40 timer bad vi for henne og Gud reiste henne opp frå dei døde. På grunn av det underet kom heile familien hennar til tru, pluss tre andre familiar og er no klare til å bli døypte!» Vi både ser og høyrer om mange under i Asia og lurer på kvifor vi ser fleire under der enn her heime.

Kan det vera det sekulære og rasjonalistiske viruset som har drepe trua på Guds kraft?

Pandemi eller ikkje pandemi, evangeliet er framleis Guds kraft til frelse for alle som trur!

Difor må vi frimodig driva misjon både heime og ute.

Les også
Disse kristne organisasjonene fikk mest i koronastøtte – og disse fikk avslag
Les også
Internasjonal kirkemusikkfestival blir digital i påsken
Les også
Moderne teknologi og gamle bønner