PARALLELT: Maktar vi å sjå at også Jesus gjorde det klart for oss at prosessen med evangeliet til alle folkeslag og endetida går parallelt? spør Berit Helgøy Kloster. FOTO: AFP / PASCAL POCHARD-CASABIANCA / NTB Scanpix

Misjon – miljøvern, konflikt – samarbeid?

Det uroar meg sterkt at miljøvernet i enkelte kristne kretsar vert lyft opp som den primære oppgåva Gud har bedt oss om.

I ein samtale med ein amerikansk kristen leiar for miljøvern, hevda han at miljøvern var viktigare enn misjon. For kvar skulle neste generasjon bu om jorda var øydelagt?

Å verna om jorda var det fyrste mandatet Skaparen overlet til oss. Som den fremste skapningen skulle vi ta autoritet over det skapte, auka i tall og leggja jorda under oss. Så gjekk noko galt, mennesket ville verta Gud lik og kjenna godt og vondt, og gjorde opprør. Paradiset vart borte. Men ei nyskaping skal koma.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne religiøse forteljinga deler både jødar, muslimar og kristne. Også andre religionar sitt skaparbilete stiller krav til mennesket si forvaltning. Enkelt sagt er materialismen den største fienden; grådigheit i nåtida for nokre få, framtida for ta ansvar for seg sjølv.

Kristen misjon er å gi vidare til alle folkeslag at Skaparen sjølv har forsona seg med mennesket sine feilgrep gjennom Jesus, reist oss opp og gitt oss nytt håp for ei framtid. Dette er det berre kristendommen som bær vidare. I andre religionar går mennesket sin innsats, tid, pengar og eigedom med til å oppfylla krava i forhold til sin gud og skapa seg sjølv frelse.

Det uroar meg sterkt at miljøvernet i enkelte kristne kretsar vert lyft opp som den primære oppgåva Gud har bedt oss om.

Grunngjevinga er at dette framhevar toleranse og noko alle kan einast om. Derimot er det å få den kristen bodskapen ut, til folkeslaga. Det same som å setja eit negativt stempel på andre si tru. Korleis kan vi i denne komplekse verda finna tid og krefter til skaparoppdraget, om vi ikkje kan stola på at vår frelse, vår relasjon til Gud, er tatt hand om av Jesus?

Korleis kan vi eiga kvila for framtida, om vi ikkje eig vona ei nyskaping?

Å ta ansvar for den delen av klimaendringane som er menneske skapte, er det same som å leva ut kristen etikk i kvardagen. Ut frå ein slik tankegang, er det å gjera alle folkeslag til Jesu læresveinar den mest effektive måten å få fleire med også på skaparoppdraget. Kvifor er det så lite samkjøring av skaparoppdraget og misjonsoppdraget?

Sjølv trur eg det ligg i at vi maktar ikkje å ta inn over oss den kristne tanken om at den jorda skal forgå. Misjonsoppdraget i Matteus 28 sluttar med «...så lenge verda står». Vi vil eiga draumen om den norske våren og lyset for alltid. Vi vil gi denne draumen til barn og barnebarn.

Då Jesu fekk spørsmål om dei siste tider, teikna han eit framtidsbilete som har mykje til felles med Dagsrevyen sine meldingar i dag. Men Jesus held det opp mot ein prosess som skal fullførast «evangeliet om riket skal forkynnast for alle folkeslag, og så skal enden koma.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Maktar vi å sjå at også Jesus gjorde det klart for oss at prosessen med evangeliet til alle folkeslag og endetida går parallelt?

Å ta trua med heilt til den dagen Han kjem att, er ikkje berre skræmsle. Det å halda for sant at ein dag kjem både eit oppgjær og ei nyskaping, kan også omskrivast med at vi venta ein rettferdig venn.

I ei materialistisk tankverd, er ei slik vedkjenning å øydeleggja livet medan vi endå lever. Paulus levde med den oppfatninga at Jesu komme var nær. Dette prega heile hans virke. Nokre brukar dette for å svekka hans autoritet i Bibelen.

Fakta er at i dag er vi 2000 år nærare Attkoma. Dette pregar misjonsiveren, og også miljøvernet, i mange av kyrkjene i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Eg må vedgå at det undrar meg når dei også let det prega framtidsplanleggjinga, der dei rett ut seier: «...om Jesus ikkje kjem før...». Kanskje har den sterke kyrkjeveksten noko med deira tru på ei rettferdig nyskaping å gjera?

Les også
Stressede oljebarn
Les også
Bibeltruskap og skapinga
Les også
Biskop på leting etter kirkens røtterSMM
Les også
Regnskogfondet får TV-aksjonen neste år