VENSKAP:Yosef Begun er takksam for hjelpa jødar i ex-Sovjet har fått frå Noreg til å emigrere til Israel. I dag meiner han det viktigaste norske vener av folket kan gjere, er å kjempe mot jøde- og israelhat.

Minner jødar om eigen identitet

Kostnadane vart høge då Yosef Begun ville emigrere frå Sovjetunionen til Israel. Kampen gjorde han klar over at jødisk identitet er eit privilegium.

I går kveld deltok Begun (78) under feiringa av 20-årsjubileet til Hjelp Jødene Hjem i Storsalen i Oslo. Det norske fellestiltaket har hjelpt mange jødar frå Sovjetunionen til Israel.
Under noregsbesøket har Begun også møtt utanriksminister Jonas Gahr Støre og Israels Vener på Stortinget.
- Gahr Støre fortalde at han som student i Paris på 1980-talet demonstrerte til støtte for meg, seier Begun til DagenMagazinet.
Det var det mange som gjorde på denne tida. Begun er ein verdskjend «refusnik». Det er omgrep for russiske jødar som dei sovjetiske styresmaktene nekta å emigrere til Israel.

ndeleg folkemord

Begun var ganske likegyldig til den jødiske identiteten sin til han var i 30-åra.
- Eg tok ingeniørutdanning og hadde framgang i karrieren, seier han.
Vendepunktet kom med seksdagarskrigen i 1967.
- Israel vann ein stor siger over dei arabiske fiendane, og dette gjorde stort inntrykk på russiske jødar. Vi såg at vi høyrde til folket, at vi hadde ei stolt historie og ein eigen stat, seier han.
På denne tida begynte Begun å studere hebraisk hos ein eldre jøde i Moskva. Han vart klar over at han og andre jødar var frårøva sin eigen kultur av sovjetstyresmaktene.
- Halvparten av jødane i Sovjetunionen vart drepne under Holocaust. Dei som overlevde, vart utsette for det eg kallar eit åndeleg folkemord, seier han.

Sett som fiende

Avslaget på søknaden om utreise i 1971 vart grunngjeven med at Begun hadde kjennskap til statlege løyndomar. Dette avviste han, men det hjelpte ikkje. Utreisesøknaden førte også til at han mista jobben sin.
I staden for å resignere, intensiverte han arbeidet mellom sovjetiske jødar. Han starta privatundervisning i hebraisk for små grupper av jødar, engasjerte seg for utvandrarrørsla og spreidde informasjon om Israel og jødisk kultur. Dette arbeidet heldt han fram med i meir enn 17 år, avbrote av tre arrestasjonar og fengslingar.
- Eg vart rekna som ein fiende av det sovjetiske folket, seier han.
Den siste domen frå 1982 var den mest alvorlege. Han vart ilagd sju år i arbeidsleir og fem år i internt eksil.
I fleire år vart det protestert til støtte for han verda over, og i 1987 vart han sett fri som følgje av oppmjukingspolitikken til Michail Gorbatsjov.

Kristne vener

ret etter valde Begun å emigrere til Israel.
- Eg kom til eit fantastisk land. Det var ope og fritt, og eg kunne høyre og snakke hebraisk over alt. Eg var jøde i mitt eige land. Det var som eit paradis, seier han.
Med tida har inntrykket vorte meir nyansert.
- No er det ikkje så lett for Israel. Vi har problem med naboane våre og med terrorisme. Men det er ein hovudidè med sionismen at vi skal vere i stand til å forsvare oss sjølve, og det må vi halde fram med, seier han.
I tillegg er han uroleg for aukande antisemittisme i verda.
- I Noreg har eg møtt mange som er opptekne av å byggje relasjonar til det jødiske folket og den jødiske staten. Dei fleste av desse er kristne. Dei likar verkeleg jødar, og er bibelmenneske som følgjer den bibelske tankegangen, seier han.

Fryktar gløymsel

Med bakgrunn i eigne erfaringar er Begun særleg oppteken av at jødar som lever utanfor Israel, må ta vare på røtene sine.
- Det er lett å bli assimilert når ein lever utanfor Israel. I eit ope og attraktivt samfunn er det fort gjort å gløyme det jødiske. Derfor treng vi å kjempe for å ta vare på den jødiske identiteten, seier han.
Sidan han kom til Israel, har han gjort mykje for å formidle dette til jødar både som talar og skribent. Dersom jødane ikkje fører vidare identiteten sin, meiner han dei let Adolf Hitler lykkast med utslettingsprosjektet sitt - etter at han er gått i grava.
- Vi må gjere alt for at det ikkje skal skje, seier Yosef Begun.