Mettar menneske med meir enn mat

Lyspunktet Café vil vere kjend for meir enn kvalitetsmat. Kundane skal også bli møtt som medmenneske og få fine kulturopplevingar. Drivkrafta er Guds kjærleik.

Lunsj­rush­et er over­stått. No går det greitt å få plass på den po­pu­læ­re ka­fe­en i Åle­sund sen­trum. I tolv-eitt-tida kan det vere vans­ke­leg å finne le­di­ge sto­lar.

- Vi be­gyn­te som ein ung­doms­kafé for dei som var for unge til å slep­pe inn på pu­ba­ne i om­rå­det, for­tel dag­leg leiar Ragn­hild Huse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ka­fe­en ligg i kjel­la­ren til Mi­sjons­kir­ka, rett over­for Ki­pervik­tor­get. Dette vart tid­le­ga­re kalla «Fjor­tistor­get» på grunn av alle ten­årin­ga­ne som vanka der på kvelds- og nat­tes­tid i hel­ga­ne.

- Etter kvart som vi ut­vik­la oss og vaks, ut­vi­da og endra ret­nin­ga seg litt etter litt. No kjem unge, ten­årin­gar, vaks­ne og eldre hit, for­tel Huse.

Lokal kaffi

Dam­pen stig frå kvar vår varme kopp kaffi frå lo­kalt bren­ne­ri i Lan­ge­våg, på andre sida av Bor­gund­fjor­den. Haust­sola kas­tar eit gyl­lent lys inn gjen­nom vin­dau­ga i det mo­der­ne kafélo­ka­let. Stem­mer sum­mar svakt rundt nabo­bor­da. Inn­imel­lom høy­rer vi klir­ring i glas og eit sped­barn som er litt meir høg­røys­ta enn res­ten av kli­en­tel­let.

- Målet vårt er at ein­skild­men­nes­ke skal opp­le­ve at dei vert sett og elska, for­tel Huse.

For­and­ra liv

Lys­punk­tet Café har røter i ar­bei­det til Ung­dom i Opp­drag (UiO) i Åle­sund. Ragn­hild og ekte­man­nen Jan Huse har vore i lei­ar­ska­pet i fem­ten år og vore ho­vud­leia­rar dei siste fem åra. Den krea­ti­ve di­sip­pel­tre­nings­sku­len, som sær­leg ret­tar seg mot unge med ta­lent innan­for kunst og mu­sikk, er ein bere­bjel­ke for UiO i byen. Flei­re av dei til­set­te på Lys­punk­tet har bak­grunn i dette mil­jø­et. Sta­dig vert sta­ben minna om kva som er vi­sjo­nen til verk­sem­da.

- Vi deler ikkje ut trak­ta­tar og har ikkje skri­ve bi­bel­vers på veg­ga­ne. Vi kjen­ner at opp­gå­va vår først og fremst er å byg­gje bruer. Flei­re har også for­talt at dei har fått livet for­and­ra ved å gå her, seier ho.

Som ei stove

Ein av desse er ein mid­del­ald­ran­de sunn­mø­ring som be­gyn­te å gå re­gel­mes­sig på ka­fe­en etter at han vart skild for ti år sidan.

- Eg vart sett. Dei til­set­te kom og prata med meg då eg sat der på fri­ti­da. Eg kunne også sitje der og jobbe i time­vis. Sjølv om eg hadde ei stor, fin stove heime, vart Lys­punk­tet nes­ten stova mi for ein pe­rio­de, for­tel man­nen. Han ønskjer ikkje å ha nam­net sitt i avisa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Atmo­sfæ­ren på Lys­punk­tet Café til­tal­te man­nen, som er i 50-åra.

- Eg kjen­de meg all­tid vel­ko­men. Eg kjen­de på krop­pen at dei til­set­te ville gjere godt. Dei var merk­sa­me på alle typar men­nes­ke. Det sette eg vel­dig pris på, seier han.

Neste­kjær­leik i prak­sis

Den krist­ne mo­ti­va­sjo­nen bak ka­fe­en var han ikkje klar over i star­ten, men etter kvart la han merke til at dei spel­te ein del kris­ten mu­sikk. Det vik­ti­gas­te var li­ke­vel at dei til­set­te viste neste­kjær­leik i prak­sis.

- Eg ten­kjer at dei har for­stått noko som står i Bi­be­len, som vi andre ikkje har for­stått like godt: De er mine vitne. Dei treng ikkje gjere seg til, dei berre er vitne. Det er ge­di­gent å opp­le­ve når eg sjølv er lengst nede på rang­sti­gen, seier han.

Man­nen for­tel at han har ein kol­le­ga som kjem frå ein annan stad på Sunn­mø­re, eit styk­ke unna Åle­sund, og ein gong i veka kjem til ka­fe­en for å nyte atmo­sfæ­ren.

- Det er ein god plass å vere der­som ein skal finne roa, seier man­nen.

Gra­tis på­fyll

Tre karar i 20-åra har funne seg bord på «gal­le­ri­et» med ut­sikt over kafélo­ka­let. Dei er ak­ku­rat fer­di­ge med mid­da­gen.

- Dei har god mat her. Vi har vore her flei­re gon­ger, men er her ikkje ofte, seier Jør­gen Bot­ter­li.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne dagen har han teke sjan­sen på ein ny rett og lurte på om han ville verte skuf­fa. Det vart han ikkje.

- Dei til­set­te tek seg tid til å prate, og kok­ken kjem ofte sjølv med maten, for­tel han.

Ka­me­ra­ten Kris­tof­fer Aambø mei­ner Lys­punk­tet er ein av dei fi­nas­te stada­ne å ete i Åle­sund.

- Og så har dei gra­tis på­fyll av kaffi, på­pei­kar han.

Tredje­mann, Vik­tor Halstens­son, er nøgd med at han får mykje for pen­ga­ne. Han på­pei­kar også at dei ikkje spe­lar så høg mu­sikk at det vert vans­ke­leg å prate saman.

Kon­sert­sce­ne

Lyd­ni­vå­et kan nokre gon­ger vere hø­ga­re, men då er det an­non­sert. Lys­punk­tet Café vil nem­leg ikkje berre gi gjes­te­ne gode opp­le­vin­gar for munn, men også for auge og øyre. Mel­lom anna ar­ran­ge­rer dei sta­dig «Open mic» der for­skjel­li­ge ar­tis­tar kan slep­pe til. Med jamne mel­lom­rom er det også kon­ser­tar i ka­fe­en.

- Vi ønskjer å vere opne for alle som vil spele her og held eit godt nok nivå, så lenge vi ikkje går på ak­kord med det vi står for, for­tel Ragn­hild Huse.

Lo­ka­le kunst­na­rar får også stil­le ut bi­le­te i ka­fe­en. Slik får kunst­na­ra­ne pro­mo­te­re seg sjøl­ve og selje kunst til in­ter­es­ser­te gjes­ter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Idea­lis­me

Øko­no­misk var dei førs­te åra med kafédrift ut­ford­ran­de. Då var det av­gje­ran­de at folka i Mi­sjons­kir­ken hadde syn for sat­sin­ga.

- No er vi sjølv­dri­van­de, men utan kyr­kje­ly­den i ryg­gen i star­ten, hadde det ikkje gått, seier Huse.

Idea­lis­men som dei tre-fire grunn­leg­gja­ra­ne hadde med seg frå Ung­dom i Opp­drag, var også av­gje­ran­de.

- Vi job­bar ikkje her for pen­ga­ne, po­eng­te­rer ho.

Sa­man­svei­sa stab

Sei­nast no i haust har Huse hatt ein runde med dei til­set­te der ho snak­ka med dei om kva som mo­ti­ve­rer for å ar­bei­de på ka­fe­en. Det ster­ke sam­hal­det mel­lom med­ar­bei­da­ra­ne er ein gjen­gan­gar.

- Det er hardt ar­beid her, men vi gler oss til å gå på jobb fordi vi job­bar saman med ve­ne­ne våre, seier Huse.

Ar­beids­stok­ken er sa­man­sett av 18 per­son­ar, som to­talt fyl­ler ni års­verk. Me­ny­en skal vere på res­tau­rant­nivå. Kok­ken er tysk og har jobba i ho­tell- og res­tau­rant­bran­sjen i mange år, og han har lært opp dei andre kok­ka­ne og kjø­ken­med­ar­bei­da­ra­ne.

- Han ut­vik­lar alle opp­skrif­te­ne sjølv, for­tel Huse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fly­bo­ren kake

Gul­rot­kaka trek­kjer ho fram som ein spe­sia­li­tet. Ein gong vart denne til og med send med fly til Oslo. Ei kvin­ne som var inn­lagd på sjuke­hus, ønsk­te sterkt å få ser­vert ak­ku­rat denne kaka. Lys­punk­tet til­byr elles ca­te­ring på føre­spur­nad og lei­ger ut til ar­ran­ge­ment som mel­lom anna jule­bord.

- For mange er det fa­sci­ne­ran­de at vi kan drive utan al­ko­hol­ser­ve­ring, seier Huse.

Er­fa­rin­ga så langt er at det går bra - så lenge maten og atmo­sfæ­ren er god.

- Folk ut­tryk­kjer at dei trivst på Lys­punk­tet, seier ho.

Det mei­ner ho er ein stor suk­sess­fak­tor.Dagen