Menneskerettar i Grunnlova

Menneskerettane si stilling i Noreg skal styrkast gjennom den største grunnlovsendringa sidan 1814. Dette blir i all hovudsak ei endring til det betre, men ukontroversielt er det på ingen måte. 

Noreg har i liten grad grunnlovsfesta menneskerettane, samanlikna med andre land. I framlegget til ny paragraf to, framsett av dei politiske partia på Stortinget, heiter det at Grunnlova skal sikre demokratiet, rettsstaten og menneskerettane. Når vi veit at det har skjedd svært store endringar på menneskerettsfeltet sidan Grunnlova vart skriven, var det på tide med ei justering. Planen er at endringa skal skje i samband med grunnlovsjubileet i 2014.
Sidan juni 2009 har eit utval leia av tidlegare stortingsrepresentant Inge Lønning arbeidd med saka. Denne veka presenterte dei resultatet. Utvalet føreslår at Grunnlova får eit eige kapittel om menneskerettar der alt om temaet er samla, og at ei rekkje nye menneskerettar blir skrivne inn i lova.
Dette betyr at eit vidt spekter av menneskerettar blir løfta opp på høgaste nivå i norsk rett. Grunnlovsfestinga betyr også at dei blir betre verna mot politisk vér og vind. Fordi det krevst to storting for å endre Grunnlova, kan dei kan ikkje fjernast i ei handvending av skiftande stortingsfleirtal, slik vi har sett skje i Ungarn denne vinteren.

Det betyr likevel ikkje at nye menneskerettar byrjar å gjelde i Noreg. Målet er at Grunnlova skal spegle det menneskerettsvernet som alt finst ved at Noreg har innlemma internasjonale konvensjonar i lovverket.
Rett til personvern, vern om privatlivets fred, rett til rettferdig rettargang og fridom frå tortur er mellom det som Lønnings utval meiner bør få plass i Grunnlova. Det same gjeld retten til å gifte seg og retten til utdanning. For første gang får barna uttalt plass i Grunnlova når barns rettar og prinsippet om at barnets beste skal vege tungt, truleg blir inkludert.
Vidare føreslår utvalet å grunnlovsfeste ein utvida religionsfridom som også inkluderer tanke- og samvitsfridom. Dette er svært verdifullt. Respekten for annleis tenkjande og truande er svekka i samfunnet vårt og i ferd med å bli erstatta med eit nærast intolerant toleransekrav. Denne konflikten kjem også til syne i det nye grunnlovsforslaget ved at eit generelt diskrimineringsvern blir inkludert. Blir dette diskrimineringsvernet for absolutt formulert, vil det kollidere med religionsfridomen.

Går det som utvalet vil, blir ei vektlegginga av familien som grunnleggande eining i samfunnet og retten til liv også grunnlovsfesta. Dette blir i så fall ei kjærkomen anerkjenning av viktige, kristne prinsipp i ei tid då både familien og livet i sårbare fasar er under sterkt press. Spørsmålet blir kva det får å seie i praksis. Inge Lønning var rask med å presisere at dei nye formuleringane ikkje skal kunne takast til inntekt for kontroversielle saker som abort og spørsmålet om livets start.
Den planlagde grunnlovsendringa får konsekvensar for kva verdiar Norge skal styrast etter. Difor fortener den grundig offentleg debatt. Resultatet blir uansett at dei grunnleggande rettane og fridomane til enkeltmennesket blir styrka, at domstolane får meir makt og at politikarane får litt mindre handlingsrom.