«Vil oppmoda Agøy (bildet) om å stilla spørsmål til det jødiske miljøet i Noreg om deira syn på samanhengen mellom dei anti-israelske haldningane som utviklar seg i vårt samfunn, og antisemittismen», skriver artikkelforfatteren.

Mellomkirkelig råd og antisemittisme

Når muslimske land får fleirtal for å fordøma Israel for kvinnediskriminering, vert dette heilt parodisk.

Generalsekretær i Mellomkirkelig råd, Berit Hagen Agøy hareit nytt innlegg under Synspunkt i Dagen 31. august der ho strekar under at MKR tek avstand frå alle former for antisemittisme, og vil gjera alt for å kjempa mot denne. Dette er svært gledeleg!

Verre er det når ho prøver undergrava grunnlaget for Israels eksistens. Ho respekterer ikkje San Remo-vedtaket frå 1920, og ho hoppar over at dette var stadfest av Folkeforbundet i 1922.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho hoppar også over at dette vart vidareført i FN-pakta i 1945, mellom anna i §80. Israel fekk medlemskap i FN 11. mai 1949.

At ei blokk på 56 muslimske land får misbruka FN sin hovudforsamling og FN sitt menneskerettsråd til å produsera og få fleirtal eit hundretals fordømingsresolusjonar mot Israel, kan vel ikkje skapa folkerett?

Når til dømes muslimske land får fleirtal for å fordøma Israel for kvinnediskriminering, vert dette heilt parodisk. FNs menneskerettsråd har dei siste ti åra vedteke fleire fordømingsresolusjonar mot Israel enn mot alle andre land i verda til saman!

Agøy hevdar at løysinga ligg i realpolitikk. Ja, nettopp! Og politiske forhandlingar mellom partane? Det spørst. Israel har godteke førehandsvilkår og vore med på forhandlingar no i meir enn 25 år.

Oslo-avtalane enda med islamsk terror mot israelske sivile. Tostatsløysinga var ikkje nemnd i Oslo-avtalane. Israel har gong på gong vore med på å forhandla også om dette, mellom anna på Camp David sommaren 2000 då det såg ut til å lukkast.

Men dei korrupte og undertrykkjande leiarane har eit anna mål: Ein islam-dominert stat «frå elva til havet». Dei nær ein million jødar som rundt 1950 vart jaga frå alt dei åtte i arabarlanda, veit kva det ville føra til.

Her i Noreg bur det færre jødar enn i dei fleste europeiske landa, og her er dei enno rimeleg trygge fysisk med politivakt ved synagoga i Oslo.

Men dei fleste norske jødane må liggja lågt med identiteten sin, og stadig fleire vel å flytta til Israel. Den anti-israelske propagandaen som dei fleste media med NRK i spissen stadig held på med, og som MKR også tek del i, vert vanskeleg for jødar å leva med i lengda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vil oppmoda Agøy om å stilla spørsmål til det jødiske miljøet i Noreg om deira syn på samanhengen mellom dei anti-israelske haldningane som utviklar seg i vårt samfunn, og antisemittismen.

Etter mitt syn er det tragisk at MKR har lagt seg på denne linja.

Til all lukke er det mange aktive kristne, både innanfor og utanfor Den norske kyrkja, som prøver å motverka det som jødar opplever som både israelshat og jødehat.