Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Meir enn treffpunkt søndagen

Forsamlingsarbeidet vårt, kva femnar det?

Fleire gonger har det slått meg at når me snakkar om forsamlinga, tenkjer me på det kristne fellesskapet søndagen. Men kva med bønemøta, turgjengen, barne- og ungdomsklubben, pensjonisttreffet, legoklubben eller anna som skjer midt i veka, og gjerne i og utanom kyrkje og bedehus? Er det ein del av arbeidet vårt som me anerkjenner og heiar fram?

Det er bra med kreativitet rundt nye måtar å få folk «inn til oss». Det er ein av måtane menneske kan få augo opp for at det kristne fellesskap er aktuelt og livgivande. Me knyter også viktige relasjonar der me er i kvardagen. Gjennom desse relasjonane kan det i neste omgong vera aktuelt å invitera til vårt kristne fellesskap i kyrkje/bedehus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men kva med dei som dette ikkje er aktuelt for? Veldig mange vil aldri koma dit, uansett kor mykje me tenkjer at det bør vera aktuelt for dei. Grunnane kan vera så mange.

Fleire vil rett og slett ikkje kjenna seg heime i det som er vår naturlege åndelege heim. Kanskje kan dei likevel bli dradd mot anna aktuelt kristent fellesskap eller mot relasjonar som gjer at dei kan veksa i trua? Av og til må me rett og slett ut der folk er, og bli der saman med dei, som kristne brødre og søstre.

Korleis kan me hjelpa kvarandre til å sjå kva det vil seia å følgja Jesus, også utanfor vår vante samanheng? Korleis kan me få fram kreativ energi blant forsamlingsmedlemmene til å gå ut i kvardagen og vera noko for bygde- og byfolk som aldri vil koma inn i samanhengen vår? Spørsmåla kan sjølvsagt skapa dårleg samvit, men den gode historien kan også gi inspirasjon til andre om å gjera liknande ting.

Eg kjenner ein kristen bror som nyttar tida saman med våre nye landsmenn der dei er; som øvelseskøyrer med dei, som byr på godt måltid og som sjølv blir bedt bort.

Eg kjenner ei pensjonistdame som får folk med ut på tur; til god samtale og relasjonsbygging. Det er sagt at når ein startar med å gjera disiplar, som oppdraget vårt faktisk er, vil du enda opp med ei kyrkje. Men den kyrkja ser kanskje heilt annleis ut enn dei vante førestillingane me har i hovudet vårt.

Oppi desse tankane er det også blitt meir og meir klart for meg at me ikkje treng å kritisera det som er eller har vore. Alle treng ikkje å endra seg. Gud brukar oss i vår tid, i det miljøet me er i, med våre gåver.

Det gjeld ung og gamal. Alle treng å bli nådd med den same uforanderlege bodskapen, men det kan skje på så mange ulike måtar. Kan me tillata og velsigna at nokon går ut – til nye stader – på nye måtar - fordi fleire treng å møta Jesus?

Hausten er stor, men arbeidarane få. Me kan sjølvsagt lura på kor stor hausten er i forhold til kor mange nye som blir lagt til dei kristne fellesskapa våre. Kanskje har det noko med innhaustingsmetoden å gjera? Og kanskje treng me som arbeidarar å be fram både tradisjonelle og kreative måtar der dette kan skje. Ver frimodig!