«...medan Kvirinius var landshøvding i Syria»

Det er klar samanheng mellom jul og Syria og Egypt. Det står – som ­overskrifta viser - om Syria i juleevangeliet. Og rett etterpå om Egypt som fristaden for den heilage familien. Det er verdt å ha i sinne også denne jula.

Bispemøtet ba onsdag 14. desember om eit juleamnesti for flyktningar som ventar på å bli sende tilbake til landa dei kjem frå. Og dei ba om at regjeringa etterpå må revurdera den praksisen ein har lagt seg på. Det er eit godt døme på korleis vår tru er kopla saman med heilt nære utfordringar. Svære humanitære kriser utfordrar vår norske sjølvforståing:

Kva slags samfunn vil vi vera?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Korleis vil vi forvalta våre humanitære tradisjonar, som har slått ut i sterk misjonsverksemd, i stor bistands- og nødhjelpsaktivitet og i eit vedvarande fredsengasjement?

Kyrkja skal ikkje bli eit politisk parti. Men som luthersk kyrkje kan vi aldri overlata det politiske til sin eigenlovmessighet.

Akkurat mens eg skriv dette, blir både sivile og opprørarar evakuerte frå Aleppo. Samtidig bur ein million menneske i den irakiske byen Mosul, som også er beleira utan at deira lagnad er kjend. Og koptiske kristne opplever seg mindre trygge i sitt heimland enn på lenge – og bomba søndag den 11. desember viser kor rett dei har.

Det er ein tragisk konsekvens av uroa og krigane i Midtausten at dei kristne sin situasjon er blitt radikalt forverra. Lars Akerhaug, forfattaren av boka «Siste jul i Kairo», har klaga kyrkja og ikkje minst biskopane for å snakka med inne-stemme om dei kristne sin lagnad. Vi kunne ha gjort meir og ha vore dristigare overfor våre politikarar. Men vi har tatt det opp, og Dagen har vore svært god til å setta søkelyset på dei kristne – og andre gruppers lagnad.

Eg har ved mange høve møtt kristne leiarar frå Midtausten – både dei som lever i krigssituasjonar, og andre, til dømes frå Egypt og Libanon. I slike samanhengar har eg representert både NMS, Mellomkyrkjeleg råd og Kirkens Nødhjelp, som alle har løpande kontakt med fleire kristne leiararar, kyrkjer og organisasjonar. Det gjeld også Bibelselskapet, og til dømes biskopen i Borg, som også har vitja krigsområde.

Det er ei utfordring å få dette spørsmålet fram i lyset på ein slik måte at dei det dreier seg om, kjenner seg igjen. Sjølve omgrepet «minoritet» er svært omstridt, fordi dei som tilhøyrer dei tallmessige minoritetane høyrer noe ganske anna i dette ordet enn det vi som brukar det, ofte legg idet. Dei høyrer: framande, utgrupper, slike som eigentleg ikkje høyrer til og derfor ikkje har rettar...

Likevel er det avgjerande at vi som kristne samfunn og kyrkjer set tydeleg søkelys på dei kristne sin situasjon i Midtausten. Det er bakgrunnen for at Kirkens Nødhjelp har laga ein omfattande rapport om dette. «The Protection Needs of Minorities from Syria and Iraq.» Rapporter viser klart at dei kristne gruppene er truga, dei har til dels misst trua på at dei kan ha ei framtid i landet der dei har budd i nærast 2000 år, det gjeld særleg Irak.

Den viser også korleis krigane, der Vesten har tatt parti for ei side, på radikalt vis har forverra deira situasjon. Dette var neppe målet med aksjonane får vestleg side. Men her ber vi på eit sterkt objektivt ansvar. Og samtidig stadfester det at norsk motstand mot krigen i Irak, der eit av argumenta var at det ville skipla balansen mellom ulike grupper, og ha uoversiktelege konsekvensar mellom anna for dei kristne, klart har vist seg å ha rett. Rapporten konkluderer med at her er ingen enkle svar. Men den legg likevel opp til handlingsplanar som ansvarlege partnarar bør ta på alvor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det må vi som kyrkjer gjera. Ved at vi påverkar politiske vedtak, og ved at vi arbeider for både langsiktige og kortsiktige løysingar som kan styrka retten til kristne – og til andre grupper – på ein slik måte at vi ikkje set dei opp mot kvarandre, men at kristne får det rommet og dei rettane dei også fortener.

I år bør vi tenka spesielt på dette – både når vi les juleevangeliet om flukten til og frå Egypt, og om når «Kvirinius var landshøvding i Syra» – og når kvardagen kjem tilbake. Korleis vi som kyrkjer handterer våre kristne søskens rop om støtte, og korleis vi som samfunn ser at enkeltgrupper sine rettar blir trakka på utan å ropa høgt, vil vera avgjerande – ikkje bare for vårt ettermæle, og det er viktig nok – men også for lagnaden til dei menneska og gruppene det dreier seg om.

Gledeleg jul!