Maskråka

«Du masar så di maskråke,» nokre av oss har uttala det, - eller fått det slengt midt i fleisen. Kvifor? Jau me gav oss ikkje, spurde om att og om att. Vart så påtrengjande i vårt spørsmål, i det me ville, som for oss var viktig.

Nokre er slike maskråker på Herren. Dei gamle snakka noko om å liggja Gud i øyra.

Ei naud låg bak, ei naud dei ikkje kunne ha for seg sjølv, dei måtte til Herren å få leggja det på Han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei kom inn på emisærromet og såg tårer i augene hans. Då dei spurte om han hadde det vondt, var svaret ja. På spørsmål om kva som plaga han kom det. «Tenkjer på alle som går så roleg mot fortapinga».

Dette hadde han tala med Herren om. Hadde og tala med Herren om sitt kalde hjarta, om den manglande naud for dei som ikkje var frelst. Nauda i hjarta, og tilliten til Herren dreiv.

Kva er det å be uavlatande spurde dei. Det er å ikkje leggja på når ein talar med Herren, vart det svara.

Vert ikkje Herren lei av alt maset ? Det som vert teke opp att og opp att? Kva då med Salmane, er der ikkje mykje som vert teke opp att? Legges ikkje nauda, vanskane fram gong etter gong? Kva med ho kom til Jesus og ikkje gav fred. Luk.18.

Veit om folk som har masa på Herren om frelse for personar, men såg inga frukt heller det motsette. Nyttar det, spurde dei seg sjølv om, men dei kunne ikkje slutta av. Nauda var der.

Dei såg på alle som held på å drukna, gå under og så måtte dei ausa ut for Herren. Tøma, kasta det på Han som har omsorg for sjelene, som vil at alle skal bli frelst.

I småe samvær har eg ofte fått oppleva denne naud. Den og den vert nemnte med namn innfor Herren. Nokre har og nemnt for den dei bed for, at der er møte. Ein eller annan sa det slik . «Du skal ikkje tala med nokon om Gud før du har tala med Herren om denne personen».

Sjølv har eg blitt minna om: «Pappa du lova jo». Jo, det var noko eg hadde lova, og så vart eg minna om det eg hadde lova. Eg er berre ein jordisk far, og har ikkje all makt, men måtte innfri min lovnad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me har ein Herre og Frelsar som har all makt. Ein som kan gjera langt over det me forstår og formår å be Han om. Me kan minna Han om kva lovnader Han har gjeve. Han vil at alle skal bli frelst.

Du treng ikkje ha tru på bøna, men på bønhøyraren. «Jeg har en Fader i det høye som Faderomhu for meg bær».

Jes 62,6. På murane dine, Jerusalem, set eg vaktmenn. Dei skal aldri teia, ikkje heile dagen og ikkje heile natta. De som minner Herren, unn dykk inga ro!