Ljoset og evangeliet

«Då sa Gud: Det verte ljos! Og det vart ljos.» (1 Mos 1,3)

Det første Gud gjorde etter at han hadde skapt universet, himmelen og jorda, var at han skapte ljos. Kor lenge det gjekk frå Gud hadde gjorde den grunnleggande skapargjerninga ved å frambringa universet, og til han skapte ljoset, veit vi ikkje. Det som er sikkert, er at det var ein periode der jorda var tom og mørket rådde.
Då Gud starta med skapinga av det som høyrer jorda til og med ordninga av det tilværet vi kjenner, starta han med ljoset. Det viser at ljoset er grunnleggjande for alt liv. Den første konstateringa Gud gjorde, var at ljoset er godt.
Det som skjer på den første skapingsdagen, der Gud suverent skaper ljoset ut av ingen ting og utan føresetningar i det som var på jorda, er førebilete for det som skjer i menneskelivet ved evangeliet med tanke på frelsa.
Som Gud baud at ljoset skulle skina fram i mørket på skapinga sin første dag, let han evangeliets ljos skina i hjarto våre, «så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi åsyn skal lysa fram» (2 Kor 4,6). Skapinga av tru i hjarta er av same karakter og kvalitet som skapinga av ljoset første skapingsdagen.

Johannes Kleppa

Redaktør