Liv Signe Navarsete: – Jesu fødsel betyr mye for meg

– Jesu fødsel
 betyr mykje
 for meg og er kjernen i jule-bodskapen 
om kjærleik 
og håp, sier Liv Signe Navarsete. Dagen stilte et utvalg profilerte stortingsrepresentanter fem spørsmål om hvordan de feirer jul.

1) Kva er det viktigaste med jula for deg?


2) Kva betyr Jesu fødsel for deg?


Artikkelen fortsetter under annonsen.

3) Går du i kyrkja på julaftan?


4) Kva bare må du ete i julehøgtida? 


5) Den beste gåva du har fått?



Liv Signe Navarsete, Senterpartiet

1) For meg handlar jula om julebodskapen og dei vakre julesongane, tradisjonar som vert henta fram kvart år, samvær med familien og tid til å finne ro.

2) Den betyr mykje for meg, og er kjernen i julebodskapen om kjærleik og håp.

3) Eg går i kyrkja julaftan når eg kan. Det avheng litt av om eg er på føremiddagsbesøk hjå familiens eldste i Sogndal eller ikkje. Men julegudstenesta er høgtid og ein god start på høgtida.

4) Pinnekjøt er avgjerande. I tillegg har eg sidan eg var nitten og nygift gardskjerring, alltid laga sylte og rull, noko både eg og resten av familien ser på som eit sjølvsagt innslag på julebordet. Og så må eg ha sprutbakkels og krumkaker bakt etter mormor si oppskrift på kakefatet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

5) Den var vanskeleg. Eg er heldig og har fått mange fine gåver. Men ei av dei eg vart aller mest glad for var då eg som femåring fekk ei stor sovedokke med full garderobe. Den hadde mor vunne på basar på Frelsesarmeen og gøymt så eg fekk den til jul. Stor glede!

Karin Andersen, Sosialistisk Venstreparti

1) Familie, fred og ro og tradisjon. Lukta av julemat i huset gir ein god stemning.

2) Eg er ikkje kristen, men hadde kyrkja og dei religiøse vore som Jesus, så kunne eg kanskje ha vore det.

3) Nei, det har eg aldri gjort.

4) Lutefisk.

5) Bilder av barnebarna.

Rasmus Hansson, Miljøpartiet De Grønne

Artikkelen fortsetter under annonsen.

1) Jobbfri med familie.

2) Eit historisk grunnlag for etisk handling.

3) Nei.

4) Eg er heilt avslappa med mat, berre den er veldig god.

5) Når du er frisk nordmann med jobb og familie i 2015, har du fått så mange fantastiske gåver gjennom livet at det ikkje nytter å telje. Det er berre å takke og bukke. Djupt.

Christian Tybring-Gjedde, Framstegspartiet

1) Jula er ei tid for ro og refleksjon. Derfor gjeld det å legge færrast mogleg planer. Aller helst bør det ikkje vere nokon ting eg må gjere.

2) Juleevangeliet og julesalmar. «Deilig er jorden» gir meg indre ro og er samtidig ei stadfesting på landets umistelege kristenkulturelle identitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

3) Ja.

4) Julemiddag – ribbe – øl og akevitt.5. Det er ikkje mogleg å rangere, det kjem helt an på kven gåva er frå. I tidlegare år var sjølvlaga gåver frå barna dei aller flottaste.

5) Det er ikkje mogleg å rangere, det kjem helt an på kven gåva er frå. I tidlegare år var sjølvlaga gåver frå barna dei aller flottaste.

Kjell Ingolf Ropstad, Kristelig Folkeparti

1) Det er sjølvsagt påminninga om at Jesus kom til jorda og den fantastiske gåva han er for oss alle. Men tid med familie er også viktig i jula.

2) Det betyr nåde, og vissa om eit evig liv gjennom Han.

3) Ja, det gjer vi.

4) Ribbe! I år blir det pinnekjøtt hos svigers, men eg begynner å like det også...

Artikkelen fortsetter under annonsen.

5) Det trur eg må vere ein bilbane vi tre brør fekk på deling da vi var yngre!

Sveinung Rotevatn, Venstre

1) Det viktigaste er roen. Å slappe av, ikkje skulle noko spesielt, ete god mat og sove lenge.

2) Eg er ikkje religiøs, så spirituelt betyr det ikkje stort. Men historisk er det sjølvsagt ei hending av enorm viktigheit, som har vorwe med på å forme samfunnet og kulturen vår på ein gjennomgripande måte.

3) Nei. Fordi eg ikkje er kristen. Men eg gjer mykje anna hyggjeleg, mellom anna spelar eg julesongar på eldreinstitusjoner og sjukehus saman med Eid musikklag.

4) Pinnekjøt.

5) Det er nok framleis skia eg fekk då eg var tre år (eller var det fire?) som eg ikkje tok av meg resten av julekvelden.