Levde 14 år som geit

– Eg er litt stiv i ryggen, men elles går det forbausande bra, seier Ragnhild Smørklepp, som no går på to bein igjen.

Denne veka fortalde ei av riksavisene om ein britisk designer som kryssa Alpane utkledd som ei geit. BokaGeitemannen skal gjevast ut på norsk. Designeren bygde beinproteser som gjorde at han kunne gå på alle fire og skaffa seg ein kunstig mage som gjorde det lettare å fordøya gras. Han lengta etter å koma bort frå stress, strev, bekymringar og angst.

Kink i ryggen

I Krykkjebakkdalen har Ragnhild Smørklepp (53) ei liknande røynsle. Dei siste fjorten sumrane har ho gått på beite saman med familien sine 200 geiter. Det har gjort noko med sjølvforståing og livskjensle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg har levd som ei geit, og etter kvart byrja eg å tenkja som ei geit også, seier ho.

Livet som geit byrja ein junidag i 2002. På veg til stølen fekk ho ein voldsom kink i ryggen og måtte ned på alle fire.

– Heile sumaren?

– Heile sumaren 2002, ja. Og dermed var det gjort.

– Men du reiste heimatt og gjekk på to bein same hausten?

– Eg reiste heimatt, men kom meg aldri opp i vanleg ståande stilling. Heile vinteren gjekk eg og venta på at sumaren skulle koma slik at eg skulle bli geit igjen.

Svar i bok

Slik held det fram, sumar etter sumar – vinter etter vinter. Fru Smørklepp seier det er fint å leva som geit og vera ein del av flokken.

– Du får eit interessant perspektivskifte når du går på fire bein og er i augehøgde med dei andre geitene. Men fekk eg ei openberring? Det svarar eg ikkje på. Det kan du lesa om i boka mi,Geitedama, som kjem på Famlebust forlag til jul.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Geitefilosofi

Derimot snakkar ho gjerne om det omtalte perspektivskiftet.

– Eksistens er ikkje det same som substans. Å vera i rom og tid er ikkje det same som å vera utanfor rom og tid. Eit beinbrot kan lokaliserast i både rom og tid, medan glede kan lokaliserast i tid- men ikkje i rom. Spørsmålet «Kvar er du glad?» gjev ikkje meining. Det er ikkje lett å formulera eit reint eksistensbegrep. Men det har jo Aristoteles funne ut lenge før meg, svarar Ragnhild Smørklepp.

Sint bukk på taket

Dei fleste åra oppheld ho seg på familien sin støl, men sumaren 2016 var annleis. 12 veker på eit torvtak saman med ein illsint geitebukk skulle bli vendepunktet i den spesielle livshistoria. Bukken stanga henne så kraftig og så mange gonger at ryggplagene gradvis vart betre. I dag går ho oppreist for første gong på fjorten år.

– Korleis er det å leggja geitelivet bak seg?

– Det er ein type spørsmål som må sjåast i samanheng med det overordna prinsippet om at eksistensen kjem før essensen: Å vera seg sjølv, altså å vera autentisk, er ikkje nødvendigvis det same som i leva i samsvar med fridomen. Ein må ta konsekvensen av at ein i utgangspunktet er noko og møta verda med eksistensiell ærlegdom. Men eg er klar over at dette liknar meir på geitetankar enn på vanlege mennesketankar her i Krykkjebakkdalen, svarar ho.

– Og elles går det bra?

– I tillegg til litt breking om morgonen, er det nok utfordrande for dei andre i familien å forhalda seg til geitemåten å tenkja på. Men det går seg nok til etter kvart som mannen min, Klauvleif, forstår at me ikkje har nokon garantiar for at ting går godt sjølv om intensjonane er gode. Ein kan redda ein geitebukk ned frå ei berghylle, men den same geitebukken kan dagen etterpå stanga deg i bakenden. Men dette har jo Simone de Beavoir funne ut lenge før meg, påpeikar ho.

Her i Krykkjebakkposten seier me takk for intervjuet og ønskjer ekteparet Smørklepp lukke til med geitedrifta og med samlivet. Noko seier oss at det kan bli krevjande.