Kvile ved vegen

Når vi er ute og ferdast langs vegen, kan vi etter kvart verta trøytte og treng kvile. Slik er det anten vi går eller køyrer. Vi leitar kanskje etter ein kvilestein, rasteplass eller bensinstasjon, der dei gjerne sel meir enn drivstoff. Både bilen og dei som er i han, treng noko som gir energi til å koma vidare på vegen. Eller når vi går til fots, er det godt å finna ein stein eller stubbe til å sitja på når ein vil nyta innhaldet i matpakken og termosen.
Alt liv treng kvile, både for å leva og for å verka. Det åndelege livet, sjela vår treng også kvile. Vi må finna kvile frå åndeleg stress og strev, frå kav og krav.
Jesus innbyr oss til seg og seier: «Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile.» Matt 11:28.
Vi skal sleppa å bera tunge bører av krav og alt vi bør gjera for å få til eit nytt og betre liv.
Det nye og beste livet er å kvila i evangeliet, i alt som Jesus har gjort fullkome og ferdig til frelse for oss.
Trøytte medarbeidarar får også ei innbyding: «Han seier då til dei: Kom med til ein øydestad der vi kan vera for oss sjølve, og kvil dykk litt!» Mark 6:31.
Du skal få kvila hos Jesus! Du er velkommen til han med alt, i dag!