Kvifor gje frå seg enda meir makt til EU?

Det handlar om å gje frå seg suverenitet til EU. Det er ikkje vi som nasjon tent med.

Finanstilsynet, ESA,EFTA ogEØS. For mange vanskelege og uforståelege ord, men no er det viktigare enn på lenge å merkje seg desse orda. For i desse dagar hastehandsamar nemleg finanskomiteen den største avståing av suverenitet sidan EØS-avtala. Fleirtalet vil knyteNoreg tilEU sitt finanstilsyn. Det vil gje ESA og EFTA-domstolen nytt mynde på finanssektoren. ESA får makt til å fatte bindande vedtak for norske styresmakter og finansføretak og ilegga bøter. For å seie det enkelt: det handlar om å gje frå seg suverenitet til EU. Det er ikkje vi som nasjon tent med.

Finanskrisa viste oss at Noreg har eit velfungerande finanstilsyn, langt betre enn EU sitt, sjølv om dei har kome etter dei siste åra. Noreg kom raskt på fote att etter finanskrisa, i EU er Eurokrisa eit vedvarande hinder for vekst og utvikling. Det er påvist tette band og stor påverknad frå finansnæringa på EU-regelverket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så kvifor har regjeringa då slik iver og hast med å knyte Noreg til EU sitt finanstilsyn, dersom ein ynskjer å sikre eit velfungerande tilsyn med norske bankar og finansføretak? Det er sjølvsagt fordi regjeringa har eitt mål for auga: å integrere Noreg mest mogleg til EU.

LES:- EU prøver å gjøre som Hitler

Regjeringa prøvar seg med å seie at Noreg må godta dette for å sikre norsk finansnæring sin tilgang til EU-marknaden, men verken finansministeren eller finansnæringa har kome opp med eitt einaste døme på at Noreg har hatt problem ved at me ikkje er knytt til EU sitt finanstilsyn. Sjølvsagt ikkje, kva då med alle land utanfor EØS som har aktivitet innafor EU? Det skulle tatt seg ut, omUSA sine bankar og finansinstitusjonar vart hindra i sin aktivitet i Europa, fordi ein ikkje vil bli regulerte av EU sitt finanstilsyn.

Nyleg stod finansministeren iStortinget og hevda at det ikkje er avståing av suverenitet å knyte Noreg til EU sitt finanstilsyn. Det var så ein ikkje trudde sine eigne øyre! Professor Eivind Smith, som leiar avdelinga for konstitusjonell rett vedUniversitetet i Oslo, seier til avisa Nationen at saka er ei reint formalistisk omgåing av krava for overføring av mynde til EU.

Regjeringa bør straks avklare sitt syn om kor vidt det å knyte Noreg til EU sitt finanstilsyn er å sjå på som avståing av suverenitet. Dersom dei meiner at det ikkje er det, bør dei forklare kvifor regjeringa då legg opp ein prosess der saka skal avgjerast etter §115 i grunnlova, ein paragraf som vert nytta når Noreg avstår suverenitet til andre statar.

Dette er å gje frå seg suverenitet og makt til EU, og etter grunnlova kan ikkje Noreg avstå suverenitet til eit internasjonalt organ vi ikkje er medlem av, som for eksempel EU. Ein skulle tru det ikkje var naudsynt å minne regjeringa på det, men det norske folk har faktisk sagt nei til EU to gonger. No er det på tide regjeringa rettar seg etter det.