Kva er eit neste steg?

Nettopp dette kan vera eit viktig spørsmål om du står i eit arbeid eller ei vanskeleg sak, og «ingenting skjer». Ting skjer sjeldan av seg sjølv.

Ofte gjer me det same om og om igjen, og håpar og trur at resultatet skal bli annleis enn sist. Eller eg håpar at ting går over av seg sjølv. Det kan for så vidt av og til skje, men ofte krevst det ei handling til. Korleis kan me koma vidare i det me står i, viss me verkeleg ynskjer ei endring?

Då Jetro, svigerfar til Moses, kom til han i ørkenen, og såg kor travelt han han hadde det med å skifta rett blant folket heile dagen, sa Jetro:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Kva er det du tek på deg for folket? Det er ikkje bra det du gjer. Du kjem til å slita ut både deg sjølv og folket som er hos deg. Dette er altfor tungt for deg, du kan ikkje gjera det åleine».

Så gav Jetro han rådet om å sjå ut dugande menn, menn som frykta Gud, som var pålitelege, og som hata urett vinning. Dei skulle skifta rett blant folket til kvar tid.

Kvar stor sak, skulle Moses, framleis døma i. Slik skulle Moses letta børa for seg sjølv, og la andre bera henne saman med han. Og Moses høyrde på svigerfar sin. Kva om han ikkje hadde gjort det?

Det er lett å gå i same tralten om og om igjen, utan å sjå kva me eigentleg held på med. Me kan bli slitne og mismodige. Det me gjer er ikkje alltid bra, verken for oss sjølv eller andre. Av og til treng me hjelp utanfrå til å sjå eit neste steg, slik tilfellet var for Moses.

Kanskje ynskjer du endring i det lokale arbeidet, men kjem ikkje vidare? Kanskje har du noko som plagar deg eller distraherer deg? Kva tar mest plass i tankane dine nett no? Kva er eit neste steg for å koma vidare? Eller for å ta ein positiv vri; korleis skal du koma vidare med din draum, dine interesserer, din lidenskap for at det skal bli framdrift? Kva kan eit neste steg vera?

Om me ynskjer at unge skal koma til forsamlinga vår, kva er neste steg? Om eg ynskjer meir plan for bibellesinga mi, kva er eit neste steg? Om eg ynskjer å vera med å utrusta leiarar, kva er eit neste steg?

I eigen samanheng har me nyleg vedtatt utviklingsområde for dei fem neste åra. Innan kvart område har me spesifisert noko om kor me ynskjer å vera om fem år. Kva skal kjenneteikna oss då?

Så må me heile tida ta små steg i rett retning for å koma dit. Kva er til dømes neste steg for oss, for at me skal koma nærare målet om at «Alle tilsette har nokon dei lærer opp, og det er ein lærlingkultur som har breidd seg lokalt»? Dette gjer seg verkeleg ikkje sjølv. Det må ein plan til og eit neste steg!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så inneber ofte eit neste steg også hjelp frå andre, først og fremst frå visdommens Far som kan openberra ting for oss, men også frå andre. Søk gjerne folk som har gjort erfaringar innan «feltet» du vil utvikla. Den beste hjelpa er ofte dei som kan stilla rette spørsmål for at eg, og ev. mi forsamling skal koma vidare i ønska retning.

Les også
Kva treng ungdommane frå oss vaksne i denne tida?
Les også
Skråblikk på ansettelsespraksis hos kristne virksomheter