Kunsten å fyre opp 
eit bål

Visste du at det finst bål som eignar seg best på fjellet, at nokre bål passar best viss du har dårleg tid og andre er best til kos og matlaging.

– Det blir aldri pinleg stille rundt eit bål.

Bålentusiast Thomas Svardal kikkar tankefull inn i bålet han nett har tent. Han har rett. Bålet er balsam for sjela. Svardal har brukt mange timar framfor naturens fjernsyn. Han er lidenskapeleg oppteken av bål.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Smal bok om bål

Gjennom mange år har han testa ut kva bål som fungerer kvar og når, kva tresort som brenn raskast, og ulike måtar å fyre opp på.

– Eg har tenkt på denne boka i over åtte år. Det er så mykje å seie om bål, og i andre villmarksbøker stod det så lite, seier Svardal.

No deler han kunnskapen i boka «Bål – for all slags vær og terreng». Der gir Svardal ei innføring i prinsippa for bålfyring, han skriv om eld og kvifor ting brenn. Han fortel vidare om kvar ein finn opptenningsved, ulike tresortar og korleis få fyr på eit bål. Ikkje minst presenterer boka 23 båltypar.

– Er dette alle båltypar som finst, Svardal?

– Nei, det er jo ikkje det, humrar han. Eg har teke med dei eg meiner er relevante. Det er mange fleire ulike bål. Myggbål har eg jo ikkje teke for meg til dømes. Det lager du ved å legge ein morken bjørkekubbe eller noko som er ròte på eit bål. Då ryk det godt!

– Men finst det eit idiotsikkert bål?

– Det eg kallar for barnebål er ganske idiotsikkert. Då trenger du ikkje kniv eller sag. Det er berre å knekke av masse tynne kvister og legge dei oppå kvarandre.

Bålmisjonæren

Han osar av formidlingsglede, mannen som til dagleg jobbar som kredittanalytikar i Nordea Bank. Filosofien til Thomas Svardal er at det finst eit bål til all slags vêr og terreng, og at alle kan meistre bålkunnskapane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg skreiv boka var for å inspirere folk til tenne bål oftare, på nye måtar og på nye stader ute i naturen. Og kanskje kan folk utfordre seg sjølv meir, som å tenne bål utan fyrstikker og få fyr på eit bål når alt er vått. Slike ting synest i alle fall eg er veldig morosamt, seier ein oppglødd forfattar.

Svardal skriv og snakkar mykje om meistringskjensla som følgjer når ein klarer å tenne eit bål.

– Det er jo urkunnskap! Dette har me drive med i 500.000 år, og me kjem lenger og lenger vekk frå det. Kunnskapen er god å ha i ein naudsituasjon, meiner Svardal.

– Alle kan Mange av oss kjenner nok til det generelle bålforbodet mellom 15. april og 15. september.

– Det er litt misforstått slik det har blitt, for no trur jo til og med politiet at det er forbode over alt heile året.

Forbodet gjeld berre i skogsmark, altså kommersiell skog, forklarar forfattaren.

– På fjellet kan du tenne bål heile året. Der er det ikkje noko forbod. Poenget med regelen er å ta vare på verdiane som ligg i kommersiell skog. Uansett er det skjønn som gjeld. Har det vore tørt ein periode, må du tenkje deg om, seier Svardal.

Det er eit par måtar å fyre opp eit bål på som Svardal meiner alle kan få til. Det er med magnesiumstav, med flint eller ved hjelp av batteri og stålull.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sistnemnde fungerer veldig bra, ifølgje Svardal. Bruk eit ni volts batteri, legg stålulla inntil begge polane og du får glør til å fyre opp fin opptenningsved med.

– Gå ut og meistr! er oppmodinga frå bålbok-forfattaren.

Slik får du 
eit vellukka bål:

1. Bruk never. Har du tørre never å fyre med, betyr det ikkje noko om alt anna er vått.

2. Gå gradvis over frå fin til grov ved. Dei fleste er ikkje nøye nok med overgangen. Du får ikkje fyr på ein kubbe med litt never.

3. Det er alltid ved å finne. Inst, nedst og oppunder det friske granbaret finn du tørr ved. Granbaret som heng over treet held som oftast regnet vekke.

4. Varmespegelprinsippet. Ha alltid nokre tjukkare stokkar som du fyrer bålet mellom, då held bålet seg lenge og du kan lett få liv i det igjen.

5. Varme går alltid oppover. Tynn ved i ei viss høgde, tar lettare fyr.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

6. Prøv å tenne opp utan fyrstikker, det gir ei stor meistringskjensle, og ein kjenner seg som ein ekte villmarking. To tips er magnesiumstav og stålull og batteri.

Kjelde – «Bål – for all slags vær 
og terreng», og samtale med 
Thomas Svardal