Kristendomsfobien må kurerast

Frykta for kristen tru og kristne tradisjonar. Kristenfobien har gått så langt at det nesten er komisk. Men berre nesten.

Livsregelen framfor nokon i vår tid er at vi ikkje skal trakke andre på tærne. Det kan jo fort skje når vi går i ring rundt juletreet. Derfor er det best å innhente skriftleg løyve frå foreldra, meinte fire skular i Bærum.

På skjemaet der foreldre vart spurte om barnet deira skulle delta på skulegudsteneste, vart dei også bedne om aktivt å krysse av på følgjande: «Jeg/vi ønsker at mitt/vårt barn skal få gå rundt juletreet».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I går reagerte både tidlegare utdanningsminister Trond Giske (Ap) og noverandre kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i Vårt Land. Giske åtvarar skular mot «overhysterisk» godkjenningsiver og trur ikkje nokon blir indoktrinert av å syngje nokre julesongar.

Han trur heller det er eit problem at mange har gløymt kva jula handlar om. Røe Isaksen, som har ivra for aktiv påmelding til julegudstenesta for å ta vare på legitimiteten til denne tradisjonen, synest det får vere grenser for kva ein skal regulere.

Kontroversane om forkynning via høgtalar i Arendal sentrum og kristne symbol på akuttmottak for asylsøkjarar føyer seg inn i det same angstfylte mønsteret.

Ein fryktar for kor gale det kan gå dersom menneske mottek religiøse impulsar. Livssynsnøytralitet er honnørordet framfor noko. Og, som ein slagferdig skribent uttrykte det: «All religion er like ille, særleg kristendom».

Ei fersk svensk studie viser at både lærarar og elevar i klasseromet ofte omtalar religion som unødvendig, melder forskning.no.

Basert på observasjon i fleire hundre undervisningstimar i 24 forskjellige klassar i vidaregåande skule er konklusjonen til forskar Karin Kittelmann Flesner nedslåande:

Å vere religiøs vart i undervisninga framstilt som vanskeleg å sameine med å vere eit moderne, rasjonelt, individualistisk og sjølvstendig menneske.

Geir Skeie, som er professor ved Universitetet i Stavanger og Universitetet i Stockholm, trur tendensen er den same i norsk skule. Han seier til Vårt Land at religion kan verte sett som noko avvikande og rart. Skepsisen til tru er med andre ord ikkje berre noko som tilfeldigvis oppstår. Han får til dels også næring gjennom skulegong.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For oss som har ei kristen overtyding, er det sjølvsagt både trist og alvorleg at det vi byggjer livet på, og som vi trur er både sant og godt, vert omtala med frykt og forakt. Det gjer det vanskelegare for menneske å finne håp, meining og livsretning i denne trua.

Men også på eit samfunnsplan er dette uheldig. Dei mange debattane med ein kristen dimensjon denne hausten, viser oss kor viktig kristendommen har vore for å forme den kulturen og det norske samfunnet.

Noreg hadde sett heilt annleis ut utan kristendommen som kulturformande kraft. Forsøka på å fortrenge dette er ikkje berre uhistoriske. Dei kan også gjere oss kulturelt arvelause og identitetsforvirra.

Det er på høg tid at fleire får opp augo for kor viktig kristendommen har vore for å gjere Noreg til eit av verdas desidert beste land å leve i.