Kristendom som undergrev Guds ord

Eg er glad for NKSS-leiar Bård Rebbestad Løkken si antydning 17/9 om at det finst teologiske grunnar til at evangeliske kristne er klimatrege.

For eg ser mykje kristendom – mellom anna i debatt i Dagen om klimaansvar, som ut frå sin teologi hevdar usunne tankar.

Eg viser mellom anna til Steinar Harila 11/10 og Olav H. Kydland 16/10. No følgjer eg Harila i at den grunnleggjande forureininga er fråfall frå Gud – slik at forureining av naturen djupast sett er ein følgje av synd mot Gud, og det viktigaste klimatiltaket er difor å kjenna Guds ord og å leva etter det. Og difor vil eg med Kydland oppfordra til å søkja Herren medan det enno er tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men eg trur Harila feiltolkar Ordet når han les Ord om katastrofar på jorda som deterministiske fasitsvar. Me bør heller lesa slike som åtvaringar, og ha folket i Ninive som førebilete fordi dei vende om då dei høyrde Jona sine ord, slik at Gud angra planen sin om å leggja byen i grus (Jona 3).

Og eg trur Kydland bommar i at Jesus vart dømd i staden for oss og vil føra oss til himmelen for å avslutta livet på jorda. For Matt 16:27 og Esek 18 viser at alle skal dømmast etter eigne gjerningar.

Og 1. Mos 1:26–30 seier at Gud har utvald oss til å forvalta jorda, og difor er jorda vår plass, medan himmelen er Herrens himmel, jf Sal 115:16, Jes 55:8–9 og innleiinga i Fadervår om at det er «Du» som er i himmelen, Matt 6:9. Vidare viser Jes 42:1–4 at rettferd på jorda er viktig for Gud. Medan frelse frå «evig fortaping» som Per Bergene Holm 11/10 meiner er viktigare, normalt blir oppfatta som å få ein god utgang frå dette livet.

Evangeliske kristne er dessverre veldig opptekne av «livets to utgangar». Men viss jorda er vår plass, må det vera viktigare å snakka om frelse frå evig fortaping inn i dette livet – særleg for dei mange som erfarer at dette livet ikkje er godt.

Eg er samd med Reidun Mæland 15/10 i at Guds fredsrike skal opprettast på jorda med Jesus som konge, inspirert (om enn litt upresist) av Jes 11:6–9, kapittel 35 og 65:20–25 og Mika 4:3/Jes 2:4. Men ho unnlet å skriva om den prisen ein læresvein må betala for å få oppfylt lovnadane i Guds ord.

Og eg følgjer henne ikkje i at det vonde skal forsvinna for godt. For i so fall blir mykje av Guds ord, som Jesu ord om forføringar i Luk 17:1–2, irrelevant. Og viss Satan skal vera bunden i 1000 år slik Op 20 hevdar, kan Satan og dermed Guds ord om Satan i praksis definerast vekk i lang tid.

Den raude tråden i alle desse villfaringane, er at dei freistar oss til å prioritera ned det Gud har skapt oss til: å forvalta jorda, eller til å vera trulause mot Gud på andre måtar. Og utan det praktiske fokuset utanfor oss sjølve i kvardagen som forvaltaransvaret gjev, får me sjølvsentrert religiøsitet – der livet nesten berre dreiar seg om forholdet til Gud og det religiøse livet, og der misjon mest handlar om å få andre til å konvertera. Men i slik kristendom har saltet mist si kraft og lyset vorte tildekka.