EINSEMD: I forhandlingane på Stortinget fekk vi landa ei tiltakspakke til eldre like stor som den for born og unge. Det er eg veldig glad for. Vi veit at denne tida har vore veldig krevjande for mange eldre som har vore einsame, skriv Tore Storehaug.

KrF tar ansvar i krisetid

Budsjettet KrF og regjeringa no har fått fleirtal for på Stortinget reflekterer eit samfunn som tek vare på enkeltmenneske i utsatte livssituasjonar og sikrar aktivitet i heile landet.

Landet vårt har nettopp vore gjennom ei ekstraordinær krise. Fellesskapa våre blei satt på den største prøva vi har vore ute for på mange generasjoner, og ho er ikkje over. Når Stortinget no vedtar eit av dei viktigaste budsjetta vi har hatt på mange tiår må omsynet til korleis ein kan få i gang igjen næringslivet og få folk tilbake i arbeid, vere vårt aller viktigaste mål.

Budsjettet KrF og regjeringa no har fått fleirtal for på Stortinget reflekterer eit samfunn som tek vare på enkeltmenneske i utsatte livssituasjonar og sikrar aktivitet i heile landet. Korona-pandemien har ramma ein heil verd. Sjølv om Noreg har unngått den verste spreiinga av viruset, har pandemien gått hardt utover mange nordmenn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Budsjettet som no blir vedtatt fører vidare KrF-avtrykk frå regjering. For oss har det vore spesielt viktig å stille opp for born og unge som har fått det vanskelegare under koronakrisa. Derfor er det sett av 400 millionar for ei stor tiltakspakke retta mot utsette og sårbare born og unge.Det er også viktig at familiar ikkje blir ståande utan inntekt eller arbeid. Familiar må ha tryggleik og foreldre må ha ein jobb å gå til.

I forhandlingane på Stortinget fekk vi og landa ei tiltakspakke til eldre like stor som den for born og unge. Det er eg veldig glad for. Vi veit at denne tida har vore veldig krevjande for mange eldre som har vore einsame. Gode forholdsreglar med å treffe vener, barn og barnebarn har vore viktig og riktig men at det har vore rett å gjere det betyr ikkje at det har vore lett å gjere det.

Sjølv om vi har det krevjande her heime i Noreg, må vi ikkje gløyme korleis koronakrisa er ein pandemi. Det er ein sjukdom som råkar heile verda. Noreg har oljefond, stor tillit mellom medmenneske og mellom borgarar og styresmakter. Vi er heldige. No ser vi at sjukdommen spreier seg i delar av verda som er fattigare, med dårlegare organiserte samfunn og svakare helsevesen.

Difor er eg og veldig stolt av at ein milliard kroner av årets bistandsbudsjett blir prioritert om for å møte behova pandemien skaper i utviklingsland. I tillegg gir vi 541 friske millionar til helsehjelp i land som blir ramma av koronaviruset. Ettertida vil måle kor godt vi handterte krisa både ut frå korleis vi stilte opp for naboane våre, og for vår neste som lever endå meir utsett enn vi.

Aldri før i mi levetid har krisa i arbeidslivet vore større. Arbeidsløysa er rekordhøg og fleire har blitt permittert som ein direkte konsekvens av at Noreg måtte stenge ned i mars. Spesielt ramma er næringar som bygg- og anlegg og overnatting. 9 av 10 som er permitert er i frå private bedrifter.

Skal vi lukkast med å komme oss ut av krisa må vi sikte oss mot dit vi skal vidare. Då må vi få fart på næringslivet og sikte oss mot ei berekraftig framtid. Derfor vedtar stortingsfleirtalet no store midlar inn mot grøn skipsfart og eit skikkeleg utdanningsløft.

Allereie før koronakrisa inntreff jobba regjeringa hardt for å inkludere menneske som sto utanfor arbeidslivet inn igjen i arbeid. Alt for mange står utanfor arbeid enten det gjeld menneske med hol i CV-en, menneske med nedsett funksjonsevne, dei som blir diskriminert i møte med arbeidslivet med grunnlag i etnisitet eller av andre årsaker. Dei som sto utanfor før korona-pandemien inntreff, har gjennom denne perioden fått ein endå tøffare veg inn.

Når vi nærmar oss sommar verkar det som om kvardagen kjem tilbake steg for steg etter kvart som smitteverntiltaka blir mildare. Framleis er det mange som kjenner pandemien på kroppen eller som har fått øydelagt kvardagen på grunn av konsekvensane av han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ei slik tid treng vi parti i regjering som kjenner vår kulturelle arv og som veit kva eit menneske er verd. No har vi fått på plass vedtak som sikrar aktivitet i heile landet og at vi stiller opp for kvarandre. Slik kjem vi oss vidare saman.