I Ap og SV er det mykje skepsis mot kristendomen, påpeikar Ronald Dalsbø i dette lesarbrevet. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

KrF taper i møte med venstresida

I møte med høgresida kan KrF flagge alle dei viktige sakene sine. Men opp mot venstresida må dei tone ned støtte til Israel, abortspørsmål, reservasjonsrett og kristendommen sin plass i samfunnet.

Tida fram til og med landsmøtet 2. november kan verte ganske avgjerande for KrF, og faktisk også for norsk politikk framover. Dette er det mange som ser. No er det tid for å ta bladet frå munnen og setje ord på kva som faktisk står på spel. Vi risikerer ei eller fleire stortingsperioder utan KrF i viktige etiske debattar og avgjerder framover. Det uroar meg. Enkeltsaker kan argumenterast fram og tilbake i det uendelege, og gjer oss av og til litt nærsynte. Eg vil difor prøve å lyfte blikket, og sjå på dei litt større linene i politikken.

Det at KrF som eit erklært sentrumsparti kan samarbeide med alle parti på Stortinget i enkeltsaker, betyr ikkje dermed at ein utan vidare kan gå i regjering med Ap, med SV som støtteparti. Hareide hevdar at dette vegvalet ikkje dreier seg om partiet si sjel. Det er eg heilt ueinig i.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som var sak nummer ein når Kristelig Folkeparti vart stifta i 1933 var at partiet skal styrkje kristendomen sin plass og innflytelse i samfunnet, spesielt i skulane. Dei største motstandarane til dette har alltid vore Ap, og etterkvart SV. Det er store krefter i begge desse partia som ser «raudt» i møte med kristendomen, og ikkje minst i møte med Bibelen som verdimessig rettesnor. Dette nemner ikkje Hareide med eit ord i sin argumentasjon, og eg meiner at temaet er underkommunisert i debatten so longt.

Om sak nummer ein skal vere å skape eit varmare samfunn, er vi eit parti i mengda. Ingen parti i Noreg vil ha eit kaldt samfunn. Eit varmt samfunn ligg sjølvsagt i KrF si sjel. Men å snakke om vegen fram til dette varme samfunnet, som Kristelig Folkeparti- politikar, utan å framheve Bibelen som rettesnor og verdiforankring, er lite fruktbart, og gjev oss ingen fortrinn, samanlikna med dei andre partia på stortinget. Norsk politikk treng ikkje eit forflata KrF. Norsk politikk treng eit spissa KrF, som står opp for dei kristne og bibelske verdiane, i eit stadig meir sekularisert og verdinøytralt samfunn. Eit slikt parti trur eg mange velgjarar saknar i dag.

For å seie det enkelt: I møte med høgresida kan KrF flagge alle dei viktige sakene sine. Ein får sjølvsagt ikkje fullt gjennomslag for alt, men ein kan forhandle på alt. Og partiet vert respektert for det. I møte med venstresida må KrF tone ned viktige saker som støtte til Israel, abortspørsmål, reservasjonsretten, kristendomen sin plass i samfunnet, kontantstøtta, og det å stå opp for familien og ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne som normgivande for sammfunnet vårt.

Det som heile partiorganisasjonen var einige om etter det historisk dårlege valresultatet i fjor, var at vi må verte meir tydelege på våre viktigaste saker. Det Hareide og landsstyret svarer med er å omprioritere og rangere sakene på ein ny måte. Dette for å passe betre inn på venstresida i norsk politikk. Korleis kan det vere rett medisin for KrF i dag? Det vil vere som om Sp skulle tone ned distriktspolitikk og landbrukspolitikk for å passe betre saman med Frp. Kven trur at det ville vere bra for Sp? Eg trur ikkje det er vegen å gå. Den medvinden som partiet kan oppleve no på kort sikt ved å gå til venstresida, vil neppe eingong vare fram til neste stortingsval.

Om KrF ved neste stortingsval framleis står i fare for å hamne under sperregrensa, vil nok mange velgjarar vegre seg for å «kaste vekk» stemma si på eit parti som risikerer å ikkje få politisk innflytelse på stortinget. Då nyttar det i alle fall ikkje å stille til val som eit parti som har tona ned dei sakene som gjer det spesielt. Eit avstumpa KrF vil nok mange ikkje sjå nytteverdien av.

Eit anna viktig poeng er at Erna Solberg er den som fleirtalet av alle velgjarar vil ha som statsminister no. KrF peika også på ho som statsminister før valet i fjor. Eit val der både Ap og KrF vart taparar. Om dei no skal felle Erna Solberg, og setje inn Jonas Gahr Støre som statsminister, utan å eingong ha ei politisk sak å felle ho på, vert det vanskeleg å forklare for velgjarane. Som Kåre Willoch heilt rett påpeikar i VG søndag, bør eit slikt politisk strategiskifte gjerast før eit val, ikkje midt i ei stortingsperiode. Det er rett og slett ikkje rederleg overfor velgjarane.

Hareide spør; kva slags samfunn vil vi ha? Vi er nok som sagt alle einige i at vi vil ha eit varmare samfunn. Men vi er likevel ueinige i korleis vi best skal få det til. Eg trur KrF bør verte tydelegare både på dei sokalla kristne verdiane, og på bibelen som verdiforankring. Og at partiet på den måten kan overleve på stortinget, og i norsk politikk. Og då ligg ikkje svaret hjå AP/SV. Erna Solberg har heile tida hatt døra på gløtt for KrF inn i regjeringa.

Den invitasjonen bør vi takke ja til no.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Veivalg – verdivalg
Les også
KrF-vegval med distriktsbriller
Les også
Den som har vippemakten
Les også
Et blokkuavhengig sentrumsparti
Les også
Er KrF eit sentrumsparti etter 2. november?