KrF-leiar smiler av veljarar

Vi har i lengre tid hatt ei kjensle av at KrF-leiarar på ulike plan ikkje har god nok kontakt med store delar av veljarane sine, og at reaksjonane nede i grasrota ikkje vert tekne fullt på alvor. Vi trur at dersom KrF-politikarane hadde lagt øyra tettare på grasrota, ville ein langt på veg unngått den nedturen partiet har hatt. Det er veljarane som bestemmer kven dei vil røysta på, ikkje politikarane. Dersom det evaluerings- og strategiarbeidet som no pågår, skjer på eit plan over grasrota, vil partiet ikkje koma seg oppatt, i alle fall ikkje som det kristen-ideologiske partiet som vart skipa i 1933.
I DagenMagazinet 8. mars er fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, referert på at «hun smiler litt lett hoderystende av de innleggene og lederartiklene DagenMagazinet» har hatt om forholdet mellom politikk og teologi, vedkjenningsparagrafen og KrFs grunnlag og føremål. Vi har stor respekt for Brosvik som politikar, ho har fortent tillit i partiet, og ho sit i KrFs strategiutval. Nett difor er vi forundra og uroa over hennar haldning til det som er koma fram her i avisa om dei aktuelle spørsmåla.
Noko av det som pregar DagenMagazinets debatt- og kommentarspalter, er at her kjem den kristne grasrota til orde, kombinert med at sentrale kristenleiarar skriv. Det er ikkje ein elitedebatt mellom dei få. Dessutan er det slik at avisa har sin hovudtyngde av abonnentar i dei geografiske og kyrkjegeografiske områda der KrF alltid har stått sterkast. Difor er det dobbelt grunn for KrF-leiinga til å leggja øyra til det som her kjem fram.
Leiarskribentane i avisa lever heller ikkje i eit vakuum eller driv skrivebordssynsing. Dei er mykje ute blant kristenfolket i store delar av landet ved forkynning og føredrag. Reaksjonane dei får gjennom denne omfattande kontakten med den kristne grasrot - KrF-sitt kjernelandskap, viser at dei vurderingane avisa gjev på leiarplass, har overveldande oppslutnad i store veljargrupper. KrF-politikarar gjer difor svært uklokt i å smila og rista på hovudet av debattinnlegg og leiarartiklar i DagenMagazinet.
Vi har inntrykk av at mykje av diskusjonen KrF-politikarar har om vegen vidare, går internt mellom politikarane - og at dette særleg er tilfellet i det sentrale KrF-miljøet i Oslo. Problemet og poenget er at politikarane berre har ei røyst kvar. Det er rundt om i dei kristne forsamlingane dei mange røystene er. Saka er dessutan at KrF ikkje berre treng desse veljarane på valdagen, men partiet treng engasjementet frå desse, og for å få det, må ein i det minste ta dei på alvor.
No kan eit kristent-ideologisk parti ikkje berre spørja veljarane kva dei vil, men partiet må spørja Bibelen kva slik politikk er. Vårt inntrykk er at kjernegruppene av KrF-veljarar ønskjer nett det, og difor er det også mange på grasrota som sluttar seg til dei synspunkta vi her i avisa har gjeve uttrykk for - trass i at stadig fleire KrF-politikarar inntek andre standpunkt. Med det fjernar politikarane seg frå veljarane, og då kan dei heller ikkje venta å få røystene deira.
Vårt råd er difor: Lytt meir til kjerneveljarane og mindre til politikarane - og då er DagenMagazinet ein utmerka lyttepost!